Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, mai 09, 2010

Helgeslutt


Helga går mot slutten og det er ei stund sidan sist blogginnlegg. Her kjem difor ein liten rapport over helgas aktivitetar.

Nikolai hadde fotballkamp i dag. Etter fyrste omgang såg det lyst ut. Kattem leda 2-0 over Trond. I andre omgang gjekk Kattem opp til 3-0. Så rakna det litt og Kattem tapte til slutt 3-5. Det hjelpte heller ikkje stort at Nikolai gjekk i mål siste del av kampen.

Frøydis har hatt arbeidshelg og ser fram til at det berre er ei vakt igjen før ho skal ha fri i to veker.

Brita har vore på audition til X-faktor i Olavshallen i dag. Ho var publikum og hadde full dag der saman med onkel Elling og tante Sigrun.

Johanne har hatt nok ei helg med VG-salg. Salget gjekk litt tregt både i går og i dag, men litt pengar vart det likevel på henne.

Far sjølv har hatt frihelg for fyrste gong etter påske og har gjort minst mogleg.

I ettermiddag var me vaksne i konfirmasjonsselskap og der fekk me litt inspirasjon til Brita sitt selskap på laurdag. Det gledar me oss til!