Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, mars 21, 2010

Gradvis overgang


No er eg heime igjen etter nesten tre vekers tur til Indonesia. Litt døgnvill er eg framleis og vakna difor klokka 4 idag tidleg.

Her er det mykje snø og det var fem minusgrader i dag tidleg. Overgangen er difor stor frå 35 grader i Medan. I dag var me i Betania på formiddagsmøte og det hjelpte til å gjera overgangen litt mindre. Indonesia er månadens misjonsland i NLM. I samband med det hadde me invitert den indonesiske bibelstudiegruppa i Trondheim til å syngja på møtet i dag. Det vart og vist film frå Indonesia.

Det var kjekt med besøk, både for indonesarane og for oss i forsamlinga. Mange stoppa opp etterpå for ein prat, kaffi og eit kakestykke.

Møtet hadde skikkeleg internasjonalt preg i og med at talaren var Paul Odeh frå Israel/Stavanger.