Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, april 01, 2010

Skjærtorsdag





Den stunda i Getsemane

Den stunda i Getsemane
Eg aldri gløyma kan,
Då du låg skjelvande på kne,
Min Gud og frelsarmann

Kor: Getsemane, Getsemane,
Der du min Frelsar god,
For meg låg skjelvande på kne
Så sveitten draup som blod!

2. Du sorgtyngd inn i hagen kom
Og stridde sårt for oss,
Du tok vår synd, vår død og dom,
Du bar det til din kross.

3. Av kjærleik der du sveitta blod,
Av kjærleik der du bad,
Av kjærleik skjelvande du stod,
Så eg går frelst og glad.

4. Men vil min kjærleik kolna av,
Min Frelsar, eg deg bed:
Å, minn meg om din kross og grav
og om Getsemane!


Edward Payson Hammond 1866.V 3 Johannes Andreas Barstad 1899.
Bernt Støylen 1906