Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, desember 26, 2006

2. juledag

I dag er det andre juledag og akkurat to år sidan tsunamikatastrofa råka områda rundt det indiske hav. Rundt 250.000 menneske omkom den gongen, dei fleste av desse i Indonesia. No er diverre fleire av områda i Indonesia som vart råka av tsunamien ute for ei ny naturkatastrofe. Meir enn 100.000 menneske er huslause og over 70 har omkome i flaum, dei fleste av desse i provinsane Aceh og i Nord-Sumatra . Eit av dei områda der det er flaum er Langkat. Stabat, byen der eg var prest under siste perioden vår i Indonesia er hovudstad i dette distriktet. I Alur Hitam, ein av plassane der det er ein liten kyrkjelyd som høyrer til under kyrkja i Stabat, er vannstanden 4 m. over normalen og husa er øydelagde. Alle personane klarte heldigvis å flykta. I hovudkyrkjelyden i Stabat har dei organisert innsamling og dei skal reisa til Alur Hitam i morgon for å hjelpa.

2. juledag er og Stefanusdagen, ein dag som har fått namnet sitt etter den fyrste kristne martyren, Stefanus. Dette er ein dag der me skal minnast dei av våre truande brør og systre som har det vanskeleg på grunn av trua si. Rapportane frå Indonesia tyder på at julehøgtida har gått roleg for seg. Kyrkjene har vore vakta av politi og soldatar, men i fylgje Jakarta Post er det ingen meldingar om uro i samband med høgtida.

Eit av versa frå teksten frå det gamle testamentet for denne dagen er ei fin oppmuntring til alle dei som opplever det vanskeleg å vera kristen.

Jer 1,19: "Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna; for eg vil vera med deg og berga deg, lyder ordet frå Herren."

Husk på dei som lid, både på grunn av flaumen og på grunn av si kristne tru!