Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, mars 13, 2007

Korleis heng dette saman?


I går var eg på krisemøte på Laberget leirsted. Gjennom fleire år har økonomien vore dårleg og for 2007 ser det ut til at driftsunderskuddet vert på over kr 300.000. I tillegg er det ein generelt stram økonomisk situasjon i misjonen og det betyr at Trøndelag krets av NLM må kutta rundt kr 700.000 i utgiftene for dette året. I praksis betyr dette ein reduksjon på to årsverk. Gåveinntektene aukar, men ikkje i takt med lønsauken og auken i kjøpekraft.
Dagens hovudopplsag i Vårt Land er: Rødgrønn luksusfest. Det står i artikkelen at det fyrste heile året med ei raudgrøn regjering har vore ein forbruksfest for oss nordmenn og me brukar stadig meir på luksus. Salet av ekte champagne auka med 25% i 2006 og talet på ferieturar til utlandet med 15%. I tillegg vert det kjøpt meir elektronikk, fleire bilar og meir pengar blir brukt på pengespel og restaurantbesøk.
Korleis heng dette saman?
Min konlusjon er som fylgjer: Me har meir pengar mellom hendene enn nokon gong, men vel å bruka dei på oss sjølve.
Utfordringa er difor: Er dette rette måten å bruka pengane på?