Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, mai 27, 2007

God pinse!



I skrivande stund er det pinsedagsmorgon. Eg sit og høyrer på sangtimen på nrk P1. Denne dagen er det berre songar av vår nabo frå tida i Lørenveien, Trygve Bjerkrheim. Seinare i dag skal me på møte i Betania der Egil Sjaastad skal tala og Fjellhaug Misjonshøgskole skal delta.


Pinsedag er til minne om dagen då læresveinane vart utrusta med Den Heilage Ande. Anden er ikkje berre for dei som levde for 2000 år sidan, men ei utrustning for oss kristne og i 2007. Bjerkrheim skreiv ein song til Johanne sin dåpsdag. Denne songen formidlar at Den Heilage Ande er for oss og vil vera vår livsledsagar.


De bar små barn til Jesus,
bad ham velsigne dem.
Vi bær' vårt barn, det kjære,
til ham i dåpen frem.

Den store barnevennen,
han småbarn har så kjær.
Med takk til ham, vår Frelser,
vår skatt til ham vi bær.

Han tar det til sitt hjarte,
og himlens skatter gir.
Den gode Hellig-Ånden
dets livsledsager blir.

Så får med Gud det vandre.
Og vi det verne vil,
så det i år og alder
får høre himlen til.

Trygve Bjerkrheim, 1.9.1994

Etiketter: , , ,