Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, mai 22, 2007

17. mai

Etter nokre år i utlendighet var me attende i gamlelandet og fekk feira nasjonaldagen på norsk jord. Det klarte me å få til utan å høyra ein einaste 17.mai-tale eller å syngja nasjonalsongen. Det me fekk med var ca dette:

- Frukost i Gulbransveien saman med Mormor, tante Heidi, onkel Helge og Sindre
- Barnetog på Heimdal
- Leikar og kafeteria på Kattem skole
- Reiste til Fitjar (for å delta på bryllupsfesten for Hilde og Truls)

Frøydis og eg var med i ryddekomiteen på Kattem. Sidan det var få som ville vera med på ryddinga så vart me der litt lengre enn planlagt. Det vart hektisk då me skulle organisera oss for å reisa til Værnes. Fotoapparatet vårt er difor borte. Biletet på dette innlegget er difor teke med kameraet på min eminente Nokia 6230i.

Etiketter: