Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, mai 22, 2007

Hilde + Truls = sant


Hilde og Truls gifta seg 10.8. 2005 i all hemmelighet på Voss. Bortsett frå eit vennepar, som var vitne, var det ingen som visste noko. Dei heldt det heile hemmeleg i nesten eitt år. Dette året var eit spesielt år for dei sidan Truls gjekk gjennom ein lungetransplantasjon. Heldigvis gjekk transplantasjonen godt og 19.mai vart det nye livet og livet som ektefolk feira saman med familie og vener. Etter ein flott forbønsseremoni i Kvinnherad Kyrkje i Rosendal, var det fest i Uskedal. Mykje god mat og drikke, flotte talar og fellesskap med gode vener gjorde at det vart ein minnerik dag både for brudeparet og for gjestene. (Gruppebiletet er henta frå bryllupsbloggen deira, fotograf Rune Eide) Hilde er søskenbarnet til Frøydis. Frøydis og eg er veldig glade for at me fekk vera med på denne feiringa.
Kjære Hilde og Truls! Lukke til med neste fase av ekteskapet og eg håpar de får merka at Guds rike velsigning kviler over ekteskapet og samlivet!

Etiketter: , ,

1 Comments:

  • Selv takk, det var en ære at dere ville dele dagen med oss.

    Ser dere har noen bilder som vi gjerne skulle hatt i samlingen vår fra dagen. Ville du vært snill å sende oss noen, kanskje via mail?

    Ha en fin uke

    By Anonymous Anonym, at tirsdag, 22 mai, 2007  

Legg inn en kommentar

<< Home