Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, desember 26, 2007

2. juledags-tankar


Det er i skrivande stune enno ein halvtime igjen av 2. juledag. For meg kjem 2. juledag alltid til å vera ein spesiell dag. 2. juledag 2004 var me nemleg i Indonesia då tsunamien skjedde.

I dag er det tre år sidan den store katastrofa ramma områda rundt det indiske hav. Korleis går det med dei borna på Nias som opplevde at landsbyen deira vart vaska vekk av flodbylgja? Korleis går det med alle dei i Aceh som mista foreldra eller andre nære familiemedlemmar? På nyhetene i dag var det eit innslag om at det står 300 millionar kroner på bok hos ulike nødhjelpsorganisasjonar. Måtte dei bli brukt slik at folka som treng det får hjelp!


2. juledag er jo også Stefanus-dagen, minnedagen for den fyrste kristne martyren Stefanus. Mange av dei områda som vart ramma av tsunamien er og område der det lever kristne som opplever å bli forfylgde.


2. juledag er difor ein dag for ettertanke og der ein kan tenkja litt på andre som ikkje har det så godt.


Me har det i alle fall veldig godt. Me kan samlast fritt til gudsteneste. Tidlegare i dag var me ca 40 som gjorde det i Heimdal kirke. Etterpå har me nytt god mat og fellesskap med familie. Me er jammen heldige og har god grunn til å vera takksame for det!