Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, desember 19, 2007

For et juleeventyr!

I kveld var me på teateret og såg Et juleeventyr av Charles Dickens. Det var ei kjempeflott forestilling som er ganske så aktuell i vår materialistiske tid. Gjerrigknarken Knug ville ikkje dela av rikdomen sin, men natt til juledag får han eit møte med seg sjølv og han får eit nytt syn på livet. Eventyret endar godt for alle partar og var til ettertanke for liten og stor.

Kvelden innleda me med eit besøk på kinarestaurant og etter forestillinga var det is på McDonald's. Elles så har det blitt mildver og den isen som ligg ute er truga. Håpet om ei kvit jul er der likevel enno.

1 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home