Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, november 30, 2009

Klar for desember!

Johanne sin kalender

Brita sin kalender

Nikolai sin kalender

Etiketter: , , ,

søndag, desember 07, 2008

2. søndag i advent

I går vart Geir Ole, ein barndomsvenn av Frøydis 40 år. Det vart feira med brask og bram. Johanne, Brita og Nikolai var på besøk hos Onkel Calle og Tante Sissel. Blant anna var dei på kino og såg Madagaskar 2. Dei overnatta hos onkel og tante og i dag tidleg var me og hent dei.Så reiste me og åt frukost på hotell Gildevangen.



Brita var nemlig så heldig at då me var på fotballkamp på Lerkendal mellom Trondheims-Ørn og Kattem så vant ho søndagsfrukost for heile familien på hotellet. Ein god start på dagen!

Etterpå var Nikolai og foreldra på skitur. Sesongens fyrste tur for oss vaksne. Flotte løyper og skikkeleg skarpt føre!

Då me gjekk heim var det ein varmluftsballong som sveva over hustaka. Her ser du'n over taket der a mormor Jorid bor.



I kveld var det adventsfest på Misjonssalen. Frøydis spelte piano. Nikolai og Brita selde julehefter. Edgar og Marta Paulsen song og hadde andakt. Ei fin adventsstund.

Ynskjer alle lesarar i inn og utland ei god adventstid.

Etiketter: , , , ,

søndag, november 30, 2008

1. søndag i advent

Ein innhaldsrik dag er snart over. Etter gudstenesta hadde me adventslunsj. Onkel Elling og tante Sigrun kom, og det gjorde også venner av Johanne og Brita. I kveld framførte Cantaremos julekantaten "For et barn er oss født - Julebudskapet i ord og toner" i Betania. Det var ei flott oppleving! Veldig kjekt var det og at det kom så mange for å høyra på! Frøydis var både pianist, korist og solist. Elling gjorde stor suksess som Keisar Augustus.

Etiketter: , , , ,

søndag, desember 02, 2007

No tenner vi det fyrste lys


God advent! I dag har me tent eitt lys, Frøydis har vore med og sunge Arne Dagsvik si julekantate I denne søte juletid saman med prosjektkoret i Betania. Resten av oss og mange andre i familien var der og høyrde på. Det var ei fin adventsstund og godt med folk. Etterpå var det kaffi, pepperkaker, klementiner og sjokolade til å nyta saman med praten. Me måtte skunda oss heim slik at den yngre garde skulle få med seg avslutninga på Robinson-ekspedisjonen på TV3.

I føremiddag var eg på gudsteneste i Kolstad kirke. Presten er tysk, men snakka godt norsk. I talen bad han oss som var på gudstenesta å skriva på ein lapp noko som gav oss lys i liva våre. Etterpå skulle me skriva ned ting i liva våre som var mørkt. Lappane vart samla inn og lagt ned på golvet rundt døpefonten. Dei tinga som gir lys var skrive på smale, gule papirstrimler medan det mørke var skrive på svarte ark med eit kvitt rektangel i midten. Presten og kateketen las opp nokre av lappane. Mykje forskjellig, men veldig interessant. Det satte i alle fall igang nokre tankeprosessar hos meg.

Adventstida kan vera så mykje. Den kan vera travel og heseblesande, men kan og vera ei tid for ettertanke. Med dette er altså utfordringa gitt. Ta ei lita stund og tenk etter: Kva ville du ha skrive på lappane? Kva er lyspunkta dine? Kva er det mørke?

Etiketter: , , , , , , , ,