Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, november 02, 2008

Handballdebutant


Nikolai spelte i dag sin fyrste handballkamp. Debuten var mot Buvik. Kattem tapte 14-7. Det var likevel stor framgang for laget. Dei har berre hatt fem treningar og spelt ein kamp tidlegare. Nikolai var med på kamp for fyrste gong. Han stod i mål (sjå biletet) og i tillegg så laga han fire mål. Han var godt fornøgd med innsatsen og det har han god grunn til. Buvik har spelt handball i tre år så Kattem gjorde ein imponerande innsats.

Brita sitt lag tapte 16-15 mot Malvik. Det var ein jamn kamp, men det vart nederlag denne gangen. "Tap og vinn med same sinn" heiter det, men det er ikkje så lett.

Elles så har det vore arbeidshelg for dei vaksne i familien. Oppdrag både laurdag og søndag for begge to. I tillegg har det vore tid til at jentene var på ettermiddagsbesøk til søskenbarn Anna Lina på Melhus og kveldsmesse i Heimdal kyrkje for Frøydis og Brita. Gutta boys var heime og hadde skjermtid.

Etiketter: , ,

mandag, februar 04, 2008

Handballkamp


I dag debuterte også far i huset som handballspelar. Det skjedde då Brita sitt jenter 12-lag utfordra foreldra til kamp. Både far og mor Vestbøstad stilte opp. Etter 1. omgang var det 2-2, men kondisen til 12-åringane var nok litt betre og dei vann til slutt 7-5.
Det var kjempekjekt! Jentene var mykje kjappare i beina og dei fleste av foreldra var relativt lite vane med å handtera ein handball. Det vart difor mange korte angrep på foreldrelaget. Slitsomt, men artig. Det fristar absolutt til gjentakelse.
Eg må dessutan få skryta litt av meg sjølv, det er jo ikkje sikkert det er så mange andre som gjer det. Eg skåra to mål og det eine var visst ganske tøft å sjå på. Eg fekk ballen i eit rush, hadde ikkje så god kontroll så eg kom ut på venstrekanten. Fekk likevel kasta ballen mot mål og den gjekk via bortre stolpe og i mål. Sjølv såg eg ingenting av målet, men av jubelen så forstod eg at den hadde gått inn.
No er det visst planar om å gjenta suksessen og ha fleire treningar/kampar for gamlingane. Følg med, følg med!

Etiketter: ,

lørdag, mai 26, 2007

Morgenstund har gull i munn!




Frøydis og Johanne er på Hamar på handball-cup. Brita kom igjen frå leirskule på Drageid, Osen i går. Der hadde ho hatt det bra, men det hadde blitt litt lite søvn. Ho sov difor litt frampå i dag. Det gjorde ikkje Nikolai. Han hadde vekkarklokka på til klokka sju, men 06.30 stod han opp og i sjutida starta han å laga frukost. Halv ni kom han opp til meg og sa at frukosten var klar. Det var skikkeleg fin frukost. Han hadde laga eggerøre med fersk grasløk frå hagen, kokt blautkokte egg og skore opp tomat, agurk og brødskiver i varierande tjukkelse. Til og med levande lys stod det på bordet då eg kom ned. Slett ikkje dårleg av ein 2.klassing!

Etiketter: , , , ,