Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, november 02, 2008

Handballdebutant


Nikolai spelte i dag sin fyrste handballkamp. Debuten var mot Buvik. Kattem tapte 14-7. Det var likevel stor framgang for laget. Dei har berre hatt fem treningar og spelt ein kamp tidlegare. Nikolai var med på kamp for fyrste gong. Han stod i mål (sjå biletet) og i tillegg så laga han fire mål. Han var godt fornøgd med innsatsen og det har han god grunn til. Buvik har spelt handball i tre år så Kattem gjorde ein imponerande innsats.

Brita sitt lag tapte 16-15 mot Malvik. Det var ein jamn kamp, men det vart nederlag denne gangen. "Tap og vinn med same sinn" heiter det, men det er ikkje så lett.

Elles så har det vore arbeidshelg for dei vaksne i familien. Oppdrag både laurdag og søndag for begge to. I tillegg har det vore tid til at jentene var på ettermiddagsbesøk til søskenbarn Anna Lina på Melhus og kveldsmesse i Heimdal kyrkje for Frøydis og Brita. Gutta boys var heime og hadde skjermtid.

Etiketter: , ,

mandag, februar 04, 2008

Handballkamp


I dag debuterte også far i huset som handballspelar. Det skjedde då Brita sitt jenter 12-lag utfordra foreldra til kamp. Både far og mor Vestbøstad stilte opp. Etter 1. omgang var det 2-2, men kondisen til 12-åringane var nok litt betre og dei vann til slutt 7-5.
Det var kjempekjekt! Jentene var mykje kjappare i beina og dei fleste av foreldra var relativt lite vane med å handtera ein handball. Det vart difor mange korte angrep på foreldrelaget. Slitsomt, men artig. Det fristar absolutt til gjentakelse.
Eg må dessutan få skryta litt av meg sjølv, det er jo ikkje sikkert det er så mange andre som gjer det. Eg skåra to mål og det eine var visst ganske tøft å sjå på. Eg fekk ballen i eit rush, hadde ikkje så god kontroll så eg kom ut på venstrekanten. Fekk likevel kasta ballen mot mål og den gjekk via bortre stolpe og i mål. Sjølv såg eg ingenting av målet, men av jubelen så forstod eg at den hadde gått inn.
No er det visst planar om å gjenta suksessen og ha fleire treningar/kampar for gamlingane. Følg med, følg med!

Etiketter: ,

torsdag, juni 07, 2007

Kulturkveld











I kveld hadde elevane på Kattem skole kulturkveld. Dei ulike trinna hadde laga utstilling frå ulike delar av verda. I tillegg hadde dei øvd inn songar og dansar frå sine område. Johanne hadde om Afrika og på biletet over så kan me skimta ein sebra, ein sjiraff og ein krokodille bak Johanne og Renate. Nikolai og klassen hans song Fader Jakob på kinesisk, vietnamesisk, thai og norsk. og på øverste biletet så syng Brita og klassen hennar voggesongar frå ulike delar av Europa. I tillegg så kunne me smaka rettar frå ulike delar av verda. Veldig bra at våre nye landsmenn kan få vist fram sin kultur på denne måten. På Kattem skole er det ca 300 elevar. 100 av dei har eit anna morsmål enn norsk. Dei representerar 21 språk og nokre fleire nasjonar. Det betyr faktisk at det er fleire nasjonalitetar representert på Kattem skole enn det var på Medan International School då borna gjekk der.

Etiketter: , , ,

mandag, mai 14, 2007

Trist helg for trønderfotballen, stor helg for Fitjar


Rosenborg sitt tap for Strømsgodset avslutta ei ganske trist helg for trønderfotballen. Trondheims-Ørn vann i Bodø. Elles så var det mest tap i toppdivisjonane.

Kattem spelte mot fjorårets seriemeister Kolbotn på laurdag. Dei gjorde ein heiderleg innsats, men det vart tap 1-3. Det er av sine eigne ein skal ha det. Kattem-jenta Trine Rønning (jenta i kvitt) laga to mål og var banens beste spelar. Diverre spelte ho på Kolbotn. Kampen vart sett av undertegnede og 144 andre i eit til dels surt regnvér. Sindre (nevø) var med. Han heia på bortelaget og var godt nøgd med resultatet.
Dårleg form på Rosenborg ser ikkje ut til å leggja så stor dempar på publikumsinteressa på Lerkendal. Tidlegare i dag skulle eg prøva å ordna med billettar til 16.mai-kampen mot Start, men det var praktisk talt utselt.
Andre resultat av interesse: Fitjar- Bremnes 2-1. Dette var fyrste sigeren etter opprykket til 3, divisjon. Ein av spelarane er klassekameraten min frå Rimbareid komb. barne- og ungdomsskule, Trond Henriksen (må ikkje forvekslast med Rosenborg sin hjelpetrenar).
Heia Fitjar!

Etiketter: , , ,

fredag, mai 11, 2007

Det snør, det snør, tiddelibom


Ein kan bli litt forvirra av mindre. I dag vakna me opp til snøver. Ha ein fin dag :-)

Etiketter: ,

torsdag, mai 10, 2007

Dugnad




Eitt av dei sikre vårteikna på Kattem er at det er dugnad i dei ulike borettslaga. I ettermiddag var turen kommen til oss i Indre Rådyrvegen. Nikolai gleda seg til å få vera med. Han tenkte at han skulle ha på bunad sidan det rima på dugnad, men me vart etter ein del rundar samde om at det ikkje var høveleg arbeidsantrekk.


Det var kjekt for tillitsmann Vestbøstad (ikkje Narvestad altså) at det var godt oppmøte og tenleg ver. I går ettermiddag var det sluddbyger. Me fekk heldigvis opphaldsver og nokre få solgløtt. Både rakinga og spylinga gjekk unna raskt og så var det tid for kaffi, kaker, is og saft. Kjekt å treffa naboane igjen etter vinteren og flott å sjå at det blir vakkert rundt oss. Vårdugnaden er eit godt miljøtiltak på alle måtar!

Etiketter:

onsdag, mai 09, 2007

Kattems nye spelar

Nikolai debuterte for Kattem GU-99 i går. Kvelden før kampen var det vanskeleg å sova fordi han gleda seg slik. Øyeblikket var stort då han fekk utdelt drakta. Det var så kaldt at han måtte ha den utanpå treningsdrakta. Kampen var på bortebane mot Flatåsen. Sjølv om Kattem tapte 12-2 så var det veldig kjekt. Entusiasmen var stor gjennom heile kampen. Koordineringa av dei ulike lagdelane var ikkje alltid heilt på topp og arbeidsfordelinga var ofte heller uklar. Mot slutten av kampen fekk Kattem innkast og plutseleg var alle fem utespelarane utanfor sidelinja for å ta kastet!
Frøydis og eg var ute i går og kom ikkje heim før etter at alle borna hadde lagt seg. (Flinke ungar forresten som legg seg sjølv :-) ). Då låg det ein nøgd fotballspelar og sov i senga med drakta på.






Etiketter: ,

onsdag, april 25, 2007

Gatas skrekk


Denne delvis tannlause pøbelen vart observert utanfor huset vårt i dag. Er det nokon som kjenner han?

Etiketter: ,

fredag, april 20, 2007

Æ LÆNGTE HJÆM

Æ længte hjæm, æ længte hjæm te fjell og fjord, men mest av aillt te by'n dær æ bor..... Sånn lyder det i en nokså kjent sang fra disse trakter. På disse trakter snør det for tida, det er 20.april, første sommerdag er passert for en ukes tid siden og vi lurer på hvor denne våren blir av? Den årstida vi kanskje savnet mest da vi satt og svettet i Medan. I går ved middagen utbrøt Nikolai; "æ savne Indonesia, æ vil tebake". Og vi andre er vel enig i det, i hvertfall for å komme bort fra snøen for noen dager. Trøsten vår er at det er siste dag det er meldt snø i denne omgang!


Slik ser det ut fra verandaen vår fredag 20.april 2007!

Etiketter: , ,