Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, november 02, 2008

Handballdebutant


Nikolai spelte i dag sin fyrste handballkamp. Debuten var mot Buvik. Kattem tapte 14-7. Det var likevel stor framgang for laget. Dei har berre hatt fem treningar og spelt ein kamp tidlegare. Nikolai var med på kamp for fyrste gong. Han stod i mål (sjå biletet) og i tillegg så laga han fire mål. Han var godt fornøgd med innsatsen og det har han god grunn til. Buvik har spelt handball i tre år så Kattem gjorde ein imponerande innsats.

Brita sitt lag tapte 16-15 mot Malvik. Det var ein jamn kamp, men det vart nederlag denne gangen. "Tap og vinn med same sinn" heiter det, men det er ikkje så lett.

Elles så har det vore arbeidshelg for dei vaksne i familien. Oppdrag både laurdag og søndag for begge to. I tillegg har det vore tid til at jentene var på ettermiddagsbesøk til søskenbarn Anna Lina på Melhus og kveldsmesse i Heimdal kyrkje for Frøydis og Brita. Gutta boys var heime og hadde skjermtid.

Etiketter: , ,

1 Comments:

  • Det viktigste er å delta. Selv debuterte jeg på bordtennis-trening i går, morsomt. Skal prøve å få til dette så ofte jeg kan på torsdagene utover vinteren!
    Ha en god helg!

    By Anonymous Anonym, at fredag, 07 november, 2008  

Legg inn en kommentar

<< Home