Moses og Mama Ivana
På veg frå Samosir til Medan stoppa turfylgjet og åt lunsj hos Mama Ivana i Pematang Purba. Me har hatt mykje å gjera med henne og familien sidan tida i Sihabonghabong.
Det var veldig kjekt å treffa henne igjen. Ho bur heime hos faren saman med dei to minste borna. Eldstejenta Ivana går på ungdomsskulen i Pematang Siantar og bur på internat der. Mannen arbeider framleis på hovedkontoret til GKLI i Sihabonghabong og er berre innimellom. Ho hadde steikt nudlar til oss og serverte det saman med ris og ayam semur (kylling i soyasaus).
For åtte år sidan fekk dei ein gut og han fekk namnet Moses. Det var stort for dei å få denne guten etter å ha to eldre døtre. Det vart raskt klart at Moses ikkje utvikla seg like raskt som andre born. Det var sterkt å møta Moses igjen. No klarar han å gå, men han har framleis ikkje noko språk.
Sjølv om Mama Ivana har store utfordringar med å ta seg av sonen så er ho ei aktiv og engasjert dame. Ho har barnelag i heimen kvar onsdag og no er det 70 born som møter opp. Dei får høyra om Jesus og Mama Ivana fortalde oss at ho har stor nytte av å bruka det materiellet som NLM har vore med å utvikla til bruk i søndagsskulearbeidet i Indonesia.
1 Comments:
Så koselig å se de igjen!!!
By JH, at torsdag, 11 mars, 2010
Legg inn en kommentar
<< Home