Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, mars 11, 2010

Samosir

Samosir er namnet på halvøya som ligg i Tobasjøen. Denne øya er batakfolket sitt kulturelle sentrum. Øya har difor ein rik historie. Me har no vore eit par dagar her på øya og eg ynskjer å gi nokre glimt frå det me har opplevd desse dagane.

Fyrste dagen me var her vart brukt til avslapning og soling. Tobasjøen ligg ca 900 meter over havet og sola her er skarp. Sjølv om det vart gitt klare instruksar om at det var viktig å smørja seg med solkrem, så vart det mange solbrende kroppsdelar etterkvart.

Frå Carolina Cottage

I går reiste me på besøk til ein prest som bur over på Sumatra-sida av Samosir. Me hadde avtalt å møta han i Pangururan, største byen på øya, men sidan han dukka litt seint opp så hadde me tid til å stoppa på markedet der. Det var markedsdag og eit yrande liv.

Frå markedet i Pangururan

Etterkvart kom presten og me reiste heim til han på lunsj. Plassen han bur heiter Sagala og ligg i eit utruleg vakkert område. På veg innover dit køyrde me gjennom eit fjellpass og då me kom ut opna det seg ein stor dal med grønkledde fjellsider og store rismarker som låg mellom landsbyane i dalbotnen. Ei stor naturoppleving!

Fantastisk utsikt frå Pusuk Buhit


Middagen var god. Presten sjølv hadde kokt maten og me fekk servert svinekjøt som var kokt i blod og kokosmjølk med ulike krydder og urtar. Dette vart servert med ris og kokte brekkbønner. I tillegg fekk me steikt fisk. Maten smakte svært godt. Etterpå fortalde presten, Aron Hutabarat, oss om korleis han opplevde tenesta si. Han har vore prest på plassen i vel eitt år og har ansvar for seks kyrkjelydar med totalt i underkant av 300 familiar. Sjølv om dei aller fleste i området er kristne så fylgjer svært mange av dei også den gamle batakreligionen. Dette gjeld også eldstar i kyrkjene. Ved spesielle høve går dei til ulike tilbedingsstader og ofrar og ber til fedreåndene.

Presten tok oss med til to av desse stadane der slike ofringar skjer. Den eine plassen var det laga eit stor minnesmerke med statuar over dei fyrste batakane. Etter tradisjonen kom dei ned frå himmelen på denne plassen som heiter Pusuk Buhit. I dag er dette ein plass mange oppsøkjer for å be om hjelp i ulike situasjonar som for eksempel at dei er ufrivillig barnlause, ynskjer å få seg kjærast, arbeid eller ved sjukdom. Me såg restane av mange offer som låg igjen der.

Aron fortel oss om korleis den gamle batakreligionen framleis vert praktisert

Den andre staden var like i nærleiken. Det var ein stor stein som ser ut som ei kiste med lok. Mange trur at inni denne steinen ligg kleda og ulike eigendelar frå dei fyrste batakane. Aldri har nokon klart å opna steinen for å sjå inni. Også her var det restar etter offer.

Sjølv om batakfolket er rekna for å vera kristne, vart me i går minna om at kristendommen her ikkje stikk så veldig djupt. Kulturen er for mange viktigare enn Jesus. Presten sa og at det i dag ser ut som om den tradisjonelle religionen er på frammarsj. Mange opplever at kristendommen er fjern og ikkje kan gi hjelp i dei daglege utfordringane dei møter.

Ein anna viktigare ting som presten nemnde, er at sidan dette er eit område der dei fleste reknar seg som kristne så vert mange lite bevisste på trua si. Dei vert sløve kristne og ser det difor som uproblematisk å blanda kristendommen med andre religonar. Mange vel og å gå over til andre religionar, spesielt islam, dersom dei finn det tenleg.

Eg opplevde det som at Aron Hutabarat var svært bevisst på dei utfordringane han har i tenesta si. Han og dei andre prestane som står i slike oppgåver treng mykje forbøn. Som han sa det sjølv: ”Å kjempa mot dette i eiga kraft er nyttelaust. Her må Den Heilage Ande gjera si gjerning!”

Etiketter: , , ,