Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, februar 02, 2011

Lake Toba I Love You Full


Siste skrik innan t-skjortemoten her ved Tobasjøen er uttrykket "Lake Toba I Love You Full". Eg veit ikkje heilt kva det betyr, men eg er hjartans enig.

Det er flott å vera her. Behageleg klima, flott natur, god mat og vennlege folk.

Ein del av turfylgjet har hatt problem med laus mage og oppkast, men det ser ut som om dei kjem seg. Nokre har og fått ein liten overdose av sol.

Me har ikkje berre fri og avslapning. På søndag fekk eg tala på gudsteneste i ei lokal kyrkje i Medan. Det var veldig kjekt. Kjekt var det og å merka at språket framleis er nokonlunde intakt.

1 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home