Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, mars 19, 2007

Om statskyrkja, Ap og LO

I ettermiddag avslørte Arbeiderpartiet kva syn dei har på statskyrkjeordninga. Ut frå dei signala som har kome frå både Giske og Stoltenberg så er det kanskje ikkje så overraskande at dei går inn for å framleis ha ei statskyrkje i Noreg. Det kom heller ikkje som noko bombe at dei ynskjer at regjeringa framleis skal utnevna biskopar. Einaste dei vil endra er at det ikkje trengst at minst 50% av dei som sit i regjering skal vera medlemmar i statskyrkja. Om Ap får det som dei vil så kan det bli slik at om nokre år så kan to eller tre av statsrådane få peika ut alle nye biskopar i heile kyrkja den norske. Grunngjevinga er at kyrkja ikkje er demokratisk nok. Alternativet til Ap er ikkje så mykje meir demokratisk, spør du meg. Kom ikkje her og sei at det er teologisk profil som er det avgjerande når statministeren ( som slett ikkje treng å vera medlem i statskyrkja) set saman regjeringa si!

Stoltenberg bør sjølv vera glad for at han ikkje legg liknande prinsipp til grunn for korleis partiet hans skal styrast. Han vart vald til formann i Ap på landsmøtet i 2002. Dette landsmøtet var sett saman av delegatar frå lokallag og fylkeslag frå heile landet, men kor mange var det som hadde valgt desse? Svært mange av medlemmane i Ap var ikkje til stades på landsmøtet. Dei aller fleste var heller ikkje til stades på dei lokale møta der årsmøtedelegatane vart valde. Det er dessutan grunn til å tru at dei som var på landsmøtet var langt meir engasjerte i partiet enn ein gjennomsnittsmedlem. Det same er nok tilfellet for dei få som deltok på dei lokale valgmøta. Det er difor svært liten grunn til å tru at Jens Stoltenberg ville vorte vald dersom alle partimedlemmane hadde blitt spurt. Stoltenberg er nok ein god representant for dei aktive Ap-medlemmane og talar deira sak. Kven skal tala alle dei andre si sak? Mitt forslag er at Ap må slutta å avgjera på eiga hand kven som skal styra partiet. Dei klarar ikkje å engasjera medlemmane sine. Fram til dei viser at dei forbetrar demokratiet i partiet så foreslår eg at sentralstyret i LO peikar ut kven som skal vera leiar og nestleiarar i partiet. LO er jo arbeidarane sin organisasjon og det er rett og rimeleg at dei veit kven som best kan leia arbeidarane sitt parti!

Etiketter: