Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, mai 09, 2007

Kattems nye spelar

Nikolai debuterte for Kattem GU-99 i går. Kvelden før kampen var det vanskeleg å sova fordi han gleda seg slik. Øyeblikket var stort då han fekk utdelt drakta. Det var så kaldt at han måtte ha den utanpå treningsdrakta. Kampen var på bortebane mot Flatåsen. Sjølv om Kattem tapte 12-2 så var det veldig kjekt. Entusiasmen var stor gjennom heile kampen. Koordineringa av dei ulike lagdelane var ikkje alltid heilt på topp og arbeidsfordelinga var ofte heller uklar. Mot slutten av kampen fekk Kattem innkast og plutseleg var alle fem utespelarane utanfor sidelinja for å ta kastet!
Frøydis og eg var ute i går og kom ikkje heim før etter at alle borna hadde lagt seg. (Flinke ungar forresten som legg seg sjølv :-) ). Då låg det ein nøgd fotballspelar og sov i senga med drakta på.






Etiketter: ,