Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, mai 14, 2007

Trist helg for trønderfotballen, stor helg for Fitjar


Rosenborg sitt tap for Strømsgodset avslutta ei ganske trist helg for trønderfotballen. Trondheims-Ørn vann i Bodø. Elles så var det mest tap i toppdivisjonane.

Kattem spelte mot fjorårets seriemeister Kolbotn på laurdag. Dei gjorde ein heiderleg innsats, men det vart tap 1-3. Det er av sine eigne ein skal ha det. Kattem-jenta Trine Rønning (jenta i kvitt) laga to mål og var banens beste spelar. Diverre spelte ho på Kolbotn. Kampen vart sett av undertegnede og 144 andre i eit til dels surt regnvér. Sindre (nevø) var med. Han heia på bortelaget og var godt nøgd med resultatet.
Dårleg form på Rosenborg ser ikkje ut til å leggja så stor dempar på publikumsinteressa på Lerkendal. Tidlegare i dag skulle eg prøva å ordna med billettar til 16.mai-kampen mot Start, men det var praktisk talt utselt.
Andre resultat av interesse: Fitjar- Bremnes 2-1. Dette var fyrste sigeren etter opprykket til 3, divisjon. Ein av spelarane er klassekameraten min frå Rimbareid komb. barne- og ungdomsskule, Trond Henriksen (må ikkje forvekslast med Rosenborg sin hjelpetrenar).
Heia Fitjar!

Etiketter: , , ,