Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, mai 10, 2007

Dugnad




Eitt av dei sikre vårteikna på Kattem er at det er dugnad i dei ulike borettslaga. I ettermiddag var turen kommen til oss i Indre Rådyrvegen. Nikolai gleda seg til å få vera med. Han tenkte at han skulle ha på bunad sidan det rima på dugnad, men me vart etter ein del rundar samde om at det ikkje var høveleg arbeidsantrekk.


Det var kjekt for tillitsmann Vestbøstad (ikkje Narvestad altså) at det var godt oppmøte og tenleg ver. I går ettermiddag var det sluddbyger. Me fekk heldigvis opphaldsver og nokre få solgløtt. Både rakinga og spylinga gjekk unna raskt og så var det tid for kaffi, kaker, is og saft. Kjekt å treffa naboane igjen etter vinteren og flott å sjå at det blir vakkert rundt oss. Vårdugnaden er eit godt miljøtiltak på alle måtar!

Etiketter: