Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, mai 09, 2007

Gleder i misjonsarbeidet


Det har i det siste vore mykje snakk om dårlege økonomiske tider for misjonen. Då er det veldig inspirerande å få oppleva at det er veldig mykje positivt som skjer rundtom.


Sist veke var eg i Hedmark krets. Det er jo eit område av landet som ikkje er kjent for å vera så kristeleg. Eg hadde likevel mange positive opplevingar der. To av møta hadde eg i Solør. Det kom ca 20 personar på møta. Alle var godt oppe i åra, men dei hadde likevel gløden. Dei var svært hungrige på Guds ord. Dei skulle ha hatt ei møteveke som hadde gått ut pga sjukdom hjå talaren. Det var mange år sidan sist dei hadde hatt ei slik veke og skuffelsen var difor stor. Dei var veldig glade å få besøk. Sjeldan har eg vore på møte med eit liknande komp til fellessongen. To gitarar, trekkspel, tre mandolinar og harpeleik ordna med tonefylgje. Flott!


Eg hadde og nokre møte på Hamar. Det er ein plass der det skjer mykje positivt. I tillegg til å tala på søndagsmøte hadde eg eit seminar om islam og dessutan fekk eg vera med på internasjonal gruppe. Ca 10 etioperar og nokre nordmenn møtes tredjekvar veke til sosialt samvær og åndeleg fellesskap. Me var på tur til Utvandrarmuseet på Ottestad. Der hadde me omvisning og samling i kyrkja. Etiopierane song (sjå biletet ovanfor). På søndagsmøtet deltok dei også med song. Det var flott å sjå korleis dei vart mottekne av forsamlinga og utgjorde ein naturleg del av den. Møtet vart tolka til engelsk og ein av etiopierane er til og med nestformann i forsamlinga. Eit godt eksempel på integrering.


I går kveld var eg på Misjonssalen på Heimdal. Der var det sangkveld. Eg hadde ikkje noko med arrangementet å gjera. Magnar Aune frå Soknedal hadde sydd saman eit flott program med fellessongar, trompetmusikk, sang av mannsgruppe frå Ler og solosang. Dei ca 100 frammøtte fekk og med seg ein tankevekkande andakt og mykje god mat. Det var informasjon om bygging av yrkesskule i Tarime i Tanzania og det kom inn i underkant av kr 10.000 på loddsalet. Mange av dei som kom er aldri å sjå på Misjonssalen til vanleg, men var inviterte med av naboar og venner som går i foreininga. Svært oppløftande å få vera med!

Etiketter: ,