Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, oktober 23, 2007

Nei til diskriminering?


Soknerådet i Tromsø Domkirke har vedteke at dei ikkje ynskjer å støtta einskilde kristne organisasjonar med offer. Det er dei jo frie til å vedta. Og ein må jo vera fri til å meina kva som helst, i alle fall så lenge det er politisk korrekt.

Vårt Land skriv at vedtakets andre punkt slo fast at «menighetsrådet ikke innvilger offer til organisasjoner som i sin virksomhet eller i uttalelse fremmer diskriminering, for eksempel på grunnlag av rase, kjønn eller seksuell legning.»
Det er jo ei spenstig formulering og eg er altså tilsett i ein av dei organisasjonane som i verksemd og uttale fremjar diskriminering. Det er det jo verdt å ta til etterretning. Eg skammar meg heller ikkje over å vera det.
Elles så er eg glad for at soknerådet i Tromsø Domkirke er så rause at dei går inn for å ikkje forskjelsbehandla nokon av dei som søkjer om kollekt, i alle fall så lenge dei er samde med det Tromsø Domkirke meinar! Så får det heller våga seg om det framleis er nokon som føler seg forplikta på Bibelen og vedkjenningsskriftene. Lenge leve ytringsfridomen!

Etiketter: , , , , , , , ,

onsdag, juni 20, 2007

Vakker utsikt




Dei to siste dagane har eg vore på overlapping på kretskontoret i samband med at eg skal ta over som kretssekretær for NLM i Trøndelag 1.8.2007. Det er mykje å setja seg inn i, men eg håpar det skal gå bra.

Kretskontoret ligg i Fjordgata med vakker utsikt over Nidelva mot Jernbanestasjonen. Håpar det blir tid til å nyta utsikten av og til!

Etiketter: ,

lørdag, mai 26, 2007

Bønneemne

I tillegg til at me avsluttar frukosten vår med å lesa ein andakt så ber me for dagen. Då brukar me bønnedagboka som er gitt ut av NLM. Av og til er det interesse frå den yngre garde å lesa frå den. I dag ville Nikolai lesa og bønneemnet var LCORC som er namnet på ei kyrkje på Taiwan. Det står ganske mykje i avsnittet og ikkje alt var like lett å forstå. Nokre ord er og heller sjeldne i daglegtale. Nikolai sa difor etter at han hadde lese høgt gjennom det: "Du får oversetja dette du, pappa!"
Ikkje alle orda blei lest heilt korrekt. 'Synodestyret' vart til 'syndestyret'. Me får i alle fall be om at det ikkje er siste varianten som er dekkande for aktiviteten i kyrkja.
30. april var bønneemnet "Heimesekretariatet, hovedkontoret". Siste setninga var slik: "Be om at de må få eie visdom i sitt arbeid og leve i en daglig fornyelse." Då Nikolai skulle lesa dette vart det til "leve i en daglig fornøyelse". Kanskje ikkje så dumt når det er tronge tider økonomisk og det er lett å bli mismodig.
Eg fylgjer med dette Nikolai sitt eksempel. Mitt ynskje for alle de som skulle slumpa til å lesa dette er difor at de får leva i den daglege fornøyelse. Ha ein fin dag :-)

Etiketter: , , ,

tirsdag, mai 15, 2007

Gjevarglede og misjonsengasjement!


I går talte eg på ei misjonsforeining i nærleiken. Me var 18 til stades og kollekten vart på kr 4.600! I tillegg så var det informasjon om at julemessekomiteen var godt i gang med førebuingane og det vart snakka saman om kretsmøtet. Det var veldig inspirerande å merka misjonsgløden hjå den trufaste flokken.
Det er flott at misjonsfolket tar ansvar i den stramme økonomiske situasjonen i misjonen. I går kom ei pressemelding om at underskotet for 2006 var på heile 27,8 millionar kroner. Dette er ein veldig stor sum og ein kan bli mismodig av mindre. Då er det flott å merka at misjonsfolket framleis er på offensiven. På torsdag er det Kristi himmelfartsdag. Siste beskjeden Jesus gav var: Gå ut og gjer alle folk til mine læresveinar! Denne utfordringa står framleis ved lag!

Etiketter: ,

onsdag, mai 09, 2007

Gleder i misjonsarbeidet


Det har i det siste vore mykje snakk om dårlege økonomiske tider for misjonen. Då er det veldig inspirerande å få oppleva at det er veldig mykje positivt som skjer rundtom.


Sist veke var eg i Hedmark krets. Det er jo eit område av landet som ikkje er kjent for å vera så kristeleg. Eg hadde likevel mange positive opplevingar der. To av møta hadde eg i Solør. Det kom ca 20 personar på møta. Alle var godt oppe i åra, men dei hadde likevel gløden. Dei var svært hungrige på Guds ord. Dei skulle ha hatt ei møteveke som hadde gått ut pga sjukdom hjå talaren. Det var mange år sidan sist dei hadde hatt ei slik veke og skuffelsen var difor stor. Dei var veldig glade å få besøk. Sjeldan har eg vore på møte med eit liknande komp til fellessongen. To gitarar, trekkspel, tre mandolinar og harpeleik ordna med tonefylgje. Flott!


Eg hadde og nokre møte på Hamar. Det er ein plass der det skjer mykje positivt. I tillegg til å tala på søndagsmøte hadde eg eit seminar om islam og dessutan fekk eg vera med på internasjonal gruppe. Ca 10 etioperar og nokre nordmenn møtes tredjekvar veke til sosialt samvær og åndeleg fellesskap. Me var på tur til Utvandrarmuseet på Ottestad. Der hadde me omvisning og samling i kyrkja. Etiopierane song (sjå biletet ovanfor). På søndagsmøtet deltok dei også med song. Det var flott å sjå korleis dei vart mottekne av forsamlinga og utgjorde ein naturleg del av den. Møtet vart tolka til engelsk og ein av etiopierane er til og med nestformann i forsamlinga. Eit godt eksempel på integrering.


I går kveld var eg på Misjonssalen på Heimdal. Der var det sangkveld. Eg hadde ikkje noko med arrangementet å gjera. Magnar Aune frå Soknedal hadde sydd saman eit flott program med fellessongar, trompetmusikk, sang av mannsgruppe frå Ler og solosang. Dei ca 100 frammøtte fekk og med seg ein tankevekkande andakt og mykje god mat. Det var informasjon om bygging av yrkesskule i Tarime i Tanzania og det kom inn i underkant av kr 10.000 på loddsalet. Mange av dei som kom er aldri å sjå på Misjonssalen til vanleg, men var inviterte med av naboar og venner som går i foreininga. Svært oppløftande å få vera med!

Etiketter: ,