Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, september 03, 2007

Status å vera misjonær!


Utanfor Lillehammer kirke står denne gravstøtta. Det er tydeleg at det å vera misjonær har ein gong hatt høgare status enn det har i dag.
Lars Skrefsrud var forresten litt av ein skrue. Han vaks opp på ein husmanssplass like ved Lillehammer og hadde ein vanskeleg oppvekst. Som 18-åring vart han dømt til 4 års fengsel. I fengselet bestemte han seg for å via livet sitt til Gud. Nokre år seinare var han misjonær i India sjølv om den belasta bakgrunnen hans gjorde at han ikkje vart godkjent i Misjonsselskapet. Då Skrefsrud døydde var det 16.000 kristne i det området Skrefsrud hadde si teneste.

Etiketter: , , , ,

onsdag, mai 16, 2007

Me har det godt!

I morgon er det 17. mai. Det er ein dag me brukar til å tenkja over kor godt det er å bu i Noreg. Me har det veldig godt i dette landet. Økonomien går så det susar, me har fred og eit lovverk som vernar om rettane våre. Ikkje alle har det like godt. Nettsida til Norea, www.norea.no , melder at ein baptispastor i Turkmenistan har blitt dømt til tre års arbeidsleir for å organisera kristne møte.

I Indonesia er det og mange som har det vanskeleg fordi dei er kristne. Fylgjande innlegg vart publisert på Norsk Misjon i Øst si heimeside www.normis.no 14.5:



Husker du de tre indonesiske kvinnene som ble dømt til fengsel for sin søndagsskolevirksomhet? Send dem et oppmuntrende brev eller kort i fengselet! Pastor Rebekka Zakaria og hennes assistenter Eti Pangesti og Ratna Bangun (foto: Compass Direct) ble dømt for å ha latt noen muslimske barn bli med på søndagsskolen – etter at barna selv hadde bedt sine foreldre om lov til å bli med. Under rettssaken var lokalet overfylt med islamister som skrek ut trusler om å drepe både de tiltalte og medlemmer av retten hvis kvinnene ble frikjent. Det ble de ikke - og nå soner de tre kvinnene tre års fengselsstraff i Indonesias hovedstad Jakarta. I fengselet arrangerer de jevnlig kristne møter, der også mange av de innsatte deltar.Rebekka, Eti og Ratna vil bli svært glade for en hilsen fra deg! Send et oppmuntrende kort eller brev til denne adressen:

ETI PANGESTI, RATNA BANGUN, REBEKKA LOANITA Z.
P.O. BOX 1886
JKP 10018
INDONESIA



”Hold søskenkjærligheten levende! Glem ikke å være gjestfrie, for på den måten har noen hatt engler som gjester, uten å vite det. Husk på dem som sitter i fengsel, som om dere var lenket sammen med dem, og husk på dem som blir mishandlet, som om det gjaldt deres egen kropp.”(Fra Paulus’ brev til hebreerne, kapittel 13)

************


Kanskje kan du senda dei eit brev? Du kan i alle fall be for dei og alle andre som er i liknande situasjonar. Samstundes kan du senda ei takk for at me i Noreg får ha det så godt.

Etiketter: , , ,

tirsdag, mai 15, 2007

Gjevarglede og misjonsengasjement!


I går talte eg på ei misjonsforeining i nærleiken. Me var 18 til stades og kollekten vart på kr 4.600! I tillegg så var det informasjon om at julemessekomiteen var godt i gang med førebuingane og det vart snakka saman om kretsmøtet. Det var veldig inspirerande å merka misjonsgløden hjå den trufaste flokken.
Det er flott at misjonsfolket tar ansvar i den stramme økonomiske situasjonen i misjonen. I går kom ei pressemelding om at underskotet for 2006 var på heile 27,8 millionar kroner. Dette er ein veldig stor sum og ein kan bli mismodig av mindre. Då er det flott å merka at misjonsfolket framleis er på offensiven. På torsdag er det Kristi himmelfartsdag. Siste beskjeden Jesus gav var: Gå ut og gjer alle folk til mine læresveinar! Denne utfordringa står framleis ved lag!

Etiketter: ,

onsdag, mai 09, 2007

Gleder i misjonsarbeidet


Det har i det siste vore mykje snakk om dårlege økonomiske tider for misjonen. Då er det veldig inspirerande å få oppleva at det er veldig mykje positivt som skjer rundtom.


Sist veke var eg i Hedmark krets. Det er jo eit område av landet som ikkje er kjent for å vera så kristeleg. Eg hadde likevel mange positive opplevingar der. To av møta hadde eg i Solør. Det kom ca 20 personar på møta. Alle var godt oppe i åra, men dei hadde likevel gløden. Dei var svært hungrige på Guds ord. Dei skulle ha hatt ei møteveke som hadde gått ut pga sjukdom hjå talaren. Det var mange år sidan sist dei hadde hatt ei slik veke og skuffelsen var difor stor. Dei var veldig glade å få besøk. Sjeldan har eg vore på møte med eit liknande komp til fellessongen. To gitarar, trekkspel, tre mandolinar og harpeleik ordna med tonefylgje. Flott!


Eg hadde og nokre møte på Hamar. Det er ein plass der det skjer mykje positivt. I tillegg til å tala på søndagsmøte hadde eg eit seminar om islam og dessutan fekk eg vera med på internasjonal gruppe. Ca 10 etioperar og nokre nordmenn møtes tredjekvar veke til sosialt samvær og åndeleg fellesskap. Me var på tur til Utvandrarmuseet på Ottestad. Der hadde me omvisning og samling i kyrkja. Etiopierane song (sjå biletet ovanfor). På søndagsmøtet deltok dei også med song. Det var flott å sjå korleis dei vart mottekne av forsamlinga og utgjorde ein naturleg del av den. Møtet vart tolka til engelsk og ein av etiopierane er til og med nestformann i forsamlinga. Eit godt eksempel på integrering.


I går kveld var eg på Misjonssalen på Heimdal. Der var det sangkveld. Eg hadde ikkje noko med arrangementet å gjera. Magnar Aune frå Soknedal hadde sydd saman eit flott program med fellessongar, trompetmusikk, sang av mannsgruppe frå Ler og solosang. Dei ca 100 frammøtte fekk og med seg ein tankevekkande andakt og mykje god mat. Det var informasjon om bygging av yrkesskule i Tarime i Tanzania og det kom inn i underkant av kr 10.000 på loddsalet. Mange av dei som kom er aldri å sjå på Misjonssalen til vanleg, men var inviterte med av naboar og venner som går i foreininga. Svært oppløftande å få vera med!

Etiketter: ,