Olav og Frøydis Vestbøstad

lørdag, september 10, 2011

Kor e alle heltar hen?


I visa frå 1993 lengtar Jan Eggum tilbake til tida før illusjonane brast. Visa fortel om dei mange heltane som har svikta. Det gjeld både Stalin, Tjorven og Jesus.

Gjennom dei hendingane som har prega Norge denne sommaren, har det blitt tydeleg at kyrkja enno er viktig i samfunnet vårt. Når livet røyner på, er det flott at kyrkjeromma er opne. Baksida av medaljen er at det å ha opne kyrkjer kostar pengar.

Trondheim KrF ynskjer å styrka økonomien til kyrkja. Eit døme på dagens trange kyrkjeøkonomi er at gravferder må gjennomførast i andre kyrkjer enn der den døde har høyrt heime. Dette gjeld for eksempel for Heimdal menighet som må nytta kyrkja på Tiller til gravferd. Pårørande er fortvila over å få slik beskjed. Dagens situasjon er uhaldbar og KrF ynskjer å gjera noko med denne saka.

Den kyrkja i Trondheim som har vidaste opningstida er Vår Frues kirke. Kirkens Bymisjon makta å halda kyrkja døgnopen 250 døger i strekk i 2008 og 2009. No har opningstida blitt redusert. Enno er det døgnope fredag og laurdag, men dei andre dagane stenger kyrkja kl 18. KrF i Trondheim ynskjer å løfta fram alle frivillige som gjer det mogleg å ha Vår Frues kyrkje open så lenge. Samstundes ynskjer KrF å leggja til rette for å få utvida opningstidene. Kan det på ny vera mogleg å få til ei kyrkje som er open 24 timar i døgnet, sju dagar i veka?

I visa spør Jan Eggum: Kem ska redde verden no? KrF sitt svar på dette er me alle utfordra til å bidra. Ingen kan redda verda åleine, men for enkeltpersonar kan eit positivt engasjement frå kvar enkelt av oss bety svært mykje!

Etiketter: , , ,

søndag, november 04, 2007

Helgemessesøndag

Helgemesse er det nynorske ordet for Alle helgens dag. Frå gammalt av var datoen 1. november og dagen var feira til minne om alle helgenar. Nokre helgenar hadde ein eigen minnedag, men resten vart minna 1. november. Etter festdagsreduksjonen i 1770 vart dagen flytta til fyrste søndag i november og etter kvart har dagen vorte utvida til å vera ein dag der me som lever skal minnast dei som har gått føre oss, både helgenar, martyrar og familiemedlemmer.

I kyrkja i dag var det ei veldig fin gudsteneste. Kyrkjekoret her på Heimdal hadde øvt inn Allehelgensmesse av Egil Hovland. Den vart fyrste gong framført i Hamar Domkirke i 1970. Nokre av salmane var enno eldre. Salma på nummer 261 i Norsk Salmebok er på heile 13 vers. Den salma vart songen både ved inngangen og ved utgangen, alle 13 versa. I salmeboka står det at salma er frå gresk og latin og vart skriven på 300-talet. Så omsette Luther den til tysk i 1531 og den vart omsett til dansk i 1729 og så gjorde Landstad den norsk i 1861. Eg synest denne salma understrekar poenget med denne dagen. Som kristne i 2007 står me i ein lang tradisjon attende i tida.

På latin er tittelen Te Deum laudamus og den norske tittelen er O store Gud, vi lover deg. Dei seks fyrste versa er ei lovprisning av den treeininge Gud. Dei sju siste handlar om at det Jesus har ordna med frelse frå dommen og ei bøn om at me må få vera blant dei som vert frelst.

9. Du kommer med Guds velde stor
og holder dommedag på jord.
Så hjelp oss, Herre, vær vår trøst,
for du har oss så dyrt forløst.
*
10. Å, gi oss rom blant frelstes tall
i faderhusets høytidshall.
Ditt folk til hjelp, o Herre, kom!
Velsign din arv og eiendom!
*
11. Ja, bær oss, led oss, vis oss vei
til vi en dag får skue deg!
Vi søker glade til din favn,
hver dag velsigner vi ditt navn.
*
12. O Herre, stå for oss på vakt,
la ingen synd i oss få makt!
Vi ber det: Se i miskunn hit!
Til deg vi setter all vår lit.
*
13. Så vær oss nådig, Herre Gud,
ja, vær oss nådig livet ut!
Du, Herre, er alt håp vi vet.
Vi rokkes ei i evighet.
Amen.

Ei lang og innhaldsmetta salme som minnar oss både om livsalvoret og håpet. Sjølv om det var ei relativt lang gudsteneste med lange salmer, dåp og nattverd så var det veldig godt å vera der. Det er av og til godt å ha eit friminutt frå ein hektisk kvardag der ein får tid til å tenkja over både livet og æva.

Etiketter: , , , , , , , , ,

torsdag, oktober 25, 2007

Operasjon Dagsverk

I dag har det vore Operasjon Dagsverk. Johanne og to venninner har hatt salg av kaker, kaffi og saft utanfor Rema 1000 på Heimdal. Dei fekk inn kr 750 på kort stund. Flott jobba, jenter!

Etiketter: , , ,

tirsdag, oktober 09, 2007

Familiespeiding


Siste aktivitet i Heimdal menighet er familiespeiding. Den føregår ute i Guds frie natur. Den yngre garde her i huset lurte på om det var at ein skulle gå ut i skogen og så skulle ein speida etter resten av familien. Det var nesten slik. Fyrste samling var sist søndag og me gjekk til Lauglovatnet. Der var det bål, grilling og ei samlingsstund. Fem famliliar var representert så det er absolutt mulighet for fleire å bli med. Det skal vera ei samling til før jul. Me var heldige med verert. Det var kraftige regnbyger både før og etter skogsturen, men delvis skya stort sett opphaldsver medan me var ute.

Etiketter: , , ,

lørdag, august 25, 2007

No er samfunnsplikta gjort!


I dag var eg på biblioteket på Heimdal og førehandsrøysta. Eg er bortreist på valdagen 10 september så difor vart det gjort på denne måten i år. Eg oppfordrar alle til å bruka røysteretten! Kjemp for alt hva du har kjært! Godt valg
Dersom nokre lokalpolitikarar i Trondheim skulle lesa dette så ber eg om at det vert laga gang og sykkelvei langs Ringvålveien frå Korsen og minst til Hestsjøen! Der er det mange som syklar og vegen er smal, svingete og uoversiktleg.

Etiketter: , , , , ,