Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, mars 14, 2010

Yapentra

Born med utviklingshemming har det vanskeleg i Indonesia. For mange er det forbunde med stor skam å få born som ikkje er som alle andre. Heldigvis finst det folk som har ekstra omsorg for slike.

Like utanfor Medan ligg YAPENTRA. Det er ein skule for blinde og svaksynte born. For tida er det rundt 70 born som bur der. Dei er i alderen 8-20 år. Dei minste går på skule inne på området, men nokre går på ungdomsskule og vidaregåande skule på vanlege skular for funksjonsfriske. Det er også nokre som går på høgskular, blant anna så er det to av ungdommane som går på Abdi Sabda, det teologiske seminaret der eg var lærar. Nokre er allereie ferdige med utdanninga si og har fått arbeid. To er i gang med prøveperioden for å bli prestar og andre har fått jobb som musikarar og massørar.

Frå nyttår har YAPENTRA også tatt mot born med samansette funksjonshemningar, som for eksempel døvblinde. Desse borna krev veldig tett oppfylging, praktisk talt heile døgnet. Direktøren, Abdul Hutauruk, fortel at dei ikkje har økonomi til å ta inn meir personell sjølv om dei no tar inn døvblinde.

Det er alltid inspirerande å komma innom YAPENTRA og møta både personalet og borna som bur der. Dei er glade i song og musikk og også då me var innom der i går så song og spelte dei for oss. Gleda ligg tjukt utanpå dei og det er vanskeleg å ikkje bli rørt.

Spesielt var det gripande å sjå kor dei gledde seg over å få møta Jorunn igjen. Ho var ein del på YAPENTRA det året ho var eittåring i Indonesia og gjensynsgleda var gjensidig.

YAPENTRA står overfor store utfordringar i tida som kjem. Direktøren har fått beskjed om at han skal bli skifta ut i løpet av kort tid. I tillegg er det ein stram økonomisk situasjon. 40% av midlane til drift får dei frå Tyskland. Resten må dei skaffa frå lokale sponsorar.

Sjølv om institusjonen er driven av ei kyrkje så er det faktisk buddhistiske kinesarar som syner størst omsut for dei blinde borna. Det kristne menneskesynet, som seier at alle menneske er like mykje verd uansett fysisk eller mental utrustning, må difor forkynnast for dei kristne her. Alle menneske er skapt av Gud, og har same verd og er like mykje elska av han. Det er godt å sjå at borna på YAPENTRA får høyra dette og for mange av dei er det diverre ei ny erfaring å oppleva at ein er elska.