Multireligiøs søndag
No er me tilbake i Medan igjen.
I dag deltok me på gudsteneste i GKLI. Ungdomsgudstenesta der starta allereie kl 0830. Ein relativt tidleg start på søndagen for norsk ungdom, men her i Indonesia er det ikkje uvanleg med tidlege gudstenester. Eg fekk æra av å tala. Teksten i dag var om døyparen Johannes og Jesus i Joh 1, 29-36. Fjellhaug-studentane deltok med song.
Det var og kjekt for meg å få møta igjen folket i GKLI i Medan. Biskopen i GKLI hadde til og med avlyst ein anna avtale for å få møta oss.
Etter gudstenesta reiste me rett til den store moskeen på omvisning. Det var interessant. Guiden vår var ivrig etter å forklara og svara på spørsmål om både moskeen og islam.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home