Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, desember 21, 2006

Fornuftig bruk av adventstida

Korleis få meiningsfullt innhald i advent?

Eg har to forslag.

Tirsdag kveld var heile familien på kino og såg filmen Veien til Betlehem. Den filmen er ei filmatisering av juleevangeliet. På ein levande måte får me innblikk både i kor dramatisk det var for den ugifte Maria å bli gravid og korleis Herodes prøvde å drepa den nyfødde. Det einaste eg sakna i filmen var englesongen på Betlehemsmarkene.

I går fekk Frøydis og eg med oss korleis Bach tenkte seg englesongen. Då var me nemleg på Juleoratoriet i Nidarosdomen. Sigrun og Elling hadde ordna med billettar for sin eigen del, men så vart Sigrun sjuk og me fekk tilbod om å overta plassane. Det angrar eg ikkje på at me gjorde. Ei flott oppleving! Trondheim Symfoniorkester, Nidarosdomen Oratoriekor, ein britisk dirigent og dyktige solistar tok oss med gjennom dei tre fyrste av dei seks kantatane i Juleoratoriet.

Det som sat sterkast igjen for min del var ein av koralane i fyrste kantaten. Ikkje alt er på plass hos oss i juleførebuingane enno, men kva er det viktigaste å få med seg?

Hvorledes skal jeg møte og favne deg min skatt,
Du skjønne morgenrøde mot all min jammers natt?
Min Jesus, si hvorledes mitt arme hjerte skal
rett smykkes og beredes Deg til en brudesal!