Olav og Frøydis Vestbøstad

lørdag, desember 23, 2006

Lillejulafta


No har me fått vaska over golva, dvs det er Frøydis som har gjort mesteparten der. Me slepp å bera ved for me har fjernvarme som kjem rett inn i stova og dessutan så er det nesten ti plussgrader ute. Borna sit og ser på Alene hjemme på TV3 og juletreet er pynta. Alt dette passar godt inn på veslejulafta. Høgdepunktet for oss, og som me har sett fram til å vera med på igjen etter tre år i utlandet, er nok likevel samlinga på Peppes Pizza i Kjøpmannsgata.

I ca 22 år har Frøydis sine sysken med familie hatt som tradisjon å samlast der for å byta gåver. I år var det forslag om å endra på dette, men det blei ikkje særleg godt mottatt. I alt 26 personar frå eit par månader og oppover stilte.

Peppes har nok satsa på ei livssynsnøytral jul, for einaste dekorasjonen som kunne minna litt om jul i det avlukket me sat, var ein buddha-figur som glitra i grønt. Me klarte likevel å få opp stemninga og då me sang Det lyser i stille grender direkte telefonoverført til Birthe på Lillehammer var det mest rørande.

Me åt pizza som om me ikkje skulle ha gjort noko anna heile vårt liv og alle vart godt mette. Det vart til og med nokre korger til overs.

Etter at diverse posar med julegåver hadde bytt eigarar var det tid for avskjed og då fekk me til og med kvar vår nisselue til å komplettera julebunaden.

Og hvis ingen går i fella og passer seg for den, så blir det nok lillejulaften på Peppes neste år igjen.

1 Comments:

Legg inn en kommentar

<< Home