Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, februar 25, 2007

VINTERFERIE

Familien Vestbøstad har tatt vinterferie. Nå ligger dagene ubrukte foran oss og vi har ikke så mange planer bortsett fra ski, slalom, besøk av Ranheims, treffe søsknene Mørreaunet, se VM og ellers andre muligheter som måtte dukke opp. GOD FERIE!

torsdag, februar 22, 2007

Eit miljøvenleg alternativ?


I går kom eg heim etter ei økt i Sogn. Heimreisa gjekk med buss frå Sogndal. På Skei i Jølster skifta eg over til ekspressbussen Bergen-Trondheim. Bortsett frå ein sladd på veg ned til Utvik i Stryn kommune hadde eg ei god reise.
Det var diverre veldig god plass på bussen. I Stryn var det mange som gjekk over til andre bussar og over Strynefjellet var me 4. Frå Otta var me 3. Ei gjekk av på Oppdal og då eg gjekk av ved City Syd var det berre ein passasjer igjen. Me hadde med oss nokre lokalpassasjerar mellom Lom og Otta, men elles var det svært god plass. Bussjåføren sa at det var stor fare for at ruta Trondheim-Bergen vert lagt ned frå 1. mai grunna lite interesse. Det skulle eigentleg vore avgjort i går, men vedtaket vart utsett.
Med så få passasjerar svarar det seg ikkje økonomisk og det er heller ingen miljøgevinst når tre passasjerar har ein 50-seters buss over Dovre.
Ta bussen, folkens! Det er til og med gratis te og kaffi ombord!
(Bussen på biletet over har svært lite å gjera med turen i går)

Huff, huff, Fitjar :-(

Vårt Land refererar 20.02 til ein statistikk som syner at heimkommunen min, Fitjar, kjem på ein lite heiderleg 6.plass over kommunane som har størst auke i CO2 utsleppa i tidsrommet 1991-2005. Dette var ikkje bra. Her trengs det skjerping, fitjarbuar!

søndag, februar 18, 2007

Gong Xi Fa Cai




Godt nyttår til alle som feirar det. I dag går me inn i grisens år og me håpar det beste for det nye året. Me hadde fylt svinekjøt til middag her på Sygna i dag. Det passa jo greit, sjølv om det nok var litt tilfeldig. Her i Norge er det vel litt fleire som markerar fastelavenssøndag denne dagen. Det er likevel ikkje sikkert at det er fleire som forstår kvifor me feirar fastelavenssøndag enn kinesisk nyttår.
Bileta over teke på ei lanterne-utstilling i Medan i samband med kinesisk nyttår i 2005.

torsdag, februar 15, 2007

Sygna


No har eg møteveke på Sygna Vidaregåande Skule i Balestrand. Dette er ein kristen internatskule med ca 160 elevar.

Skulen har ei stor overvekt av jenter. Det er rundt rekna 3 jenter per gut. Likevel er det ein svært aktiv ungkarsklubb her. Forstå det den som kan. Ungkarsklubben markerte seg i går på Valentindagen. Diverre øydela lett snøvær litt for dei. Hundrevis av telys var sett opp i hjarteform på skuleplassen. Dei slokna etter kvart som medlemmane prøvde å tenna dei. Kanskje illustrerar det kvifor desse gutane er med i ungkarsklubben. Kjærleiskgnisten sloknar litt for fort og er ikkje alltid så lett å kveikja på kommando.

Det har vore fint med folk på møta og eg har vorte godt motteken.

For å sjekka ut meir om skulen og kva som føregår her - klikk deg inn på heimesida deira:

www.sygna.vgs.no

Dagens tema for talen er: Korleis skal Bibelen påverka kvardagslivet mitt? Om å vera kristen på Sygna.


Eg er takksam for alle som hugsar på meg.

mandag, februar 12, 2007

STUDENTER

Ja, så er vi igang da. Studenter ved Mediehøyskolen Gimlekollen, Tverrkulturell kommunikasjon realkompetanse. Et kjempeflott opplegg på Gimlekollen torsdag til lørdag fikk satt oss igang. Så er det bare resten igjen........

onsdag, februar 07, 2007

Badet er ferdig


I dag kom elektrikaren og gjorde ferdig sin del av badet. No er det slutt på å venta på besøk av handverkarar. Det tok berre fire månadar frå me fekk beskjed frå naboen om at det var lekkasje i veggen til skaden var ferdig utbetra. No er det altså brukbart igjen.

Me skulle eigentleg ha feira dette, men pengane til feiringa har gått med. Det er jo slik at det er borettslaget som dekkar skaden, men når det fyrst var arbeidsfolk så vart det gjort litt ekstra som me må betala sjølv. Men ein dukkert i badekaret kan me i alle fall unna oss.

tirsdag, februar 06, 2007

Endeleg vinter :-)


I dag har det vore kjempefint vinterver. Ca 10 minusgrader og godt med snø. Eg nytta høvet til å gå meg ein skitur. Det var ei kjempefin oppleving. Me bur slik at eg spente på meg skia 100 meter frå inngangsdøra vår og så var det berre å gå. Løypenettet i Bymarka har ein avstikkar ned til oss på Kattem og i dag var det flotte oppkjørte spor.

Eg har hatt nokre skiturar dei siste vekene, men ikkje i så flott vinterver. I går var det mest snøstorm enkelte plassar. I dag skein sola og det var heilt vindstilt. Alt var heilt topp og det gjorde godt både for kropp og sjel.

Turen vart nok ei påminning om at kroppen nok bør komma i litt betre form. Det er ikkje berre kjekt når 80-åringane susar forbi utan at eg har sjanse til å halda fylgje.

Ingen er så sjuk som ein sjuk mann, eller?

Det er sagt at ingen er så sjuk som ein sjuk mann, men eg trur at tre sjuke jenter kanskje kjem opp i det same.

Då eg henta resten av familien på Værnes i går var det ikkje tid til noko velkomstklem. Frøydis kom springande med spyposen og Brita hakk i hel på leit etter eit toalett. Me hadde berre så vidt komme oss på vegen bort til E6 så måtte Johanne kasta opp. I natt hadde Brita ein runde med påfylgjande vask av delar av det nyoppussa badet vårt. No har Frøydis og blitt ein del av gjengen.

Nikolai var ikkje heilt nøgd med at han måtte på skulen. Han var trøytt og det er ikkje så rart når klokka var godt over midnatt før me var heime. Han lurte på om ikkje han og kunne vera heime. Dersom det fortset slik så blir det nok hans tur og, diverre.

Eg nyttar og høvet til å gratulera alle samar i heile verda med Samefolkets Dag!

lørdag, februar 03, 2007

Eitt stort steg


Siste halvåret har eg brukt eit pedometer, eller ein skritteljar jamnleg. Den gjer jobben sin og tel kor mange skritt eg tar. Så langt i dag har eg 4117. I går kom eg over 12.000 og var godt nøgd med meg sjølv. Skritteljaren tel skrittmengda, men ikkje lengda. Nokre steg er lengre enn andre.

Dagens kunngjering er at eg i samråd med familien har teke eitt stort steg. Det visar ikkje på pedometeret, men eg har sagt ja til å verta krinssekretær i Trøndelag krets av NLM frå 01.08.2007. Det er tre månader sidan eg svara ja til dette kallet, men fyrst no er det offentleg. Det er kanskje mange som har følt at me har komme med "svada-svar" når spørsmålet om kva eg skal gjera frå sommaren har vore drøfta. Grunnen er at etter at eg gav svaret mitt så måtte det godkjennast både lokalt og sentralt i misjonen. Siste leddet var godkjenninga i hovudstyret og den kom i hovudstyremøtet som vart avslutta i dag.

For oss var det eit stort steg å ta å svara ja til dette. Det inneber m.a. at me ikkje kjem til å reisa ut igjen til Indonesia med det fyrste. Krinssekretærstillinga er dessutan ei teneste med mange utfordringar, ikkje minst med tanke på den dramatiske økonomiske situasjonen NLM er inne i. Eg ser fram til å gå inn i denne stillinga, men innser og at oppgåva kan vera svært krevjande. Takk til alle som vil stå saman med meg og oss i forbøn.