Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, mai 28, 2012

Guttetur til Oslo

Landskampen Norge-England på Ullevaal stadion var høgdepunktet på Oslo-turen vår. Nydeleg sommarver i Oslo - absolutt ein fin dag for fotball:)
Kampen var ganske jevn, men Ashley Young (Man U) lurte Brede Hangeland og laga mål for England etter 9 minutt. Målet vart scora like etter biletet nedanfor var tatt. Det var einaste målet i kampen, men me fekk i alle fall målet på den sida me sat!
I tillegg til fotball så var me på badetur i finveret. Me var og innom Den lille kokosbollefabrikken. Me hadde vore innom på den ein gong før, men avdelinga bak Oslo Spektrum var lagt ned, dessverre. Skuffelsen var stor, men så fann me ut at det var ei avdeling på Sagene og dit drog me. På pinsedag var me i Misjonssalen i Oslo. Kjekt å vera innom der etter gammalt! Det var jo forsamlnga vår dei sju åra me budde i Oslo.

torsdag, mai 17, 2012

Hipp, hipp, hurra!

søndag, mai 13, 2012

Tulpen aus Amsterdam

Etter nesten 20 år som ektefolk var me til Amsterdam på langhelg. Fin tur, sjølv om det var litt kjølig. Tulipanblomstringa var ikkje over og turen til Keukenhof var ei oppleving!
Me var og rundt i byen på sightseeing.