Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, desember 31, 2007

GODT NYTT ÅR!


MED DETTE VIL VI ØNSKE ALLE VÅRE LESERE ET RIKTIG GODT NYTT ÅR!

SELAMAT TAHUN BARU!

HAPPY NEW YEAR!

søndag, desember 30, 2007

Julen 2007 i bilder......


Julaften hos Rakel, Anne og Knut Arne

1.juledag hos tante

2.juledag her

5.juledag hos mormor

FORTSATT GOD JUL!

Vintersportshelg

No er både Tour de ski og Hoppveka i gang. Me deltar ikkje der anna enn som publikum. Heldigvis blir det ikkje berre TV-sport. I går prøvde me skeisene for fyrste gang denne sesongen. Med nyinnkjøpte hockey-køller og skeiser til Nikolai så skulle isen på Hestsjøen prøvast. Det var veldig kjekt. Isen var ikkje så glatt, men det var ganske gode forhold. Litt snø oppå isen. Me hadde planlagt ny skeiseøkt i dag, men i dag plaskregnar det. Johanne er på handballcup så litt sportslege aktivitetar blir det i familien i dag og.

onsdag, desember 26, 2007

2. juledags-tankar


Det er i skrivande stune enno ein halvtime igjen av 2. juledag. For meg kjem 2. juledag alltid til å vera ein spesiell dag. 2. juledag 2004 var me nemleg i Indonesia då tsunamien skjedde.

I dag er det tre år sidan den store katastrofa ramma områda rundt det indiske hav. Korleis går det med dei borna på Nias som opplevde at landsbyen deira vart vaska vekk av flodbylgja? Korleis går det med alle dei i Aceh som mista foreldra eller andre nære familiemedlemmar? På nyhetene i dag var det eit innslag om at det står 300 millionar kroner på bok hos ulike nødhjelpsorganisasjonar. Måtte dei bli brukt slik at folka som treng det får hjelp!


2. juledag er jo også Stefanus-dagen, minnedagen for den fyrste kristne martyren Stefanus. Mange av dei områda som vart ramma av tsunamien er og område der det lever kristne som opplever å bli forfylgde.


2. juledag er difor ein dag for ettertanke og der ein kan tenkja litt på andre som ikkje har det så godt.


Me har det i alle fall veldig godt. Me kan samlast fritt til gudsteneste. Tidlegare i dag var me ca 40 som gjorde det i Heimdal kirke. Etterpå har me nytt god mat og fellesskap med familie. Me er jammen heldige og har god grunn til å vera takksame for det!

mandag, desember 24, 2007

God jul!


Me vil med dette ynskja alle våre blogg-lesarar ei god jul!

Håpar ikkje at biletet over blir illustrerande for julefeiringa. Det er fort gjort at Jesus og hovedpoenget med jula kjem i bakgrunnen for alt det andre som og høyrer med.
*
Julen er Jesus
*
Julen er mere enn glitrende graner
og skinnende sne.
Julen er mere enn tilvendte vaner
og gang om et tre.
Julen er Jesus, Guds enbårne sønn.
Julen er himmelens svar på din bønn.
Julen er Jesus, julen er Jesus.
*
Julen er mere enn hellige minner
om hyrder på vakt.
Julen er mere enn stjerner som skinner
i funklende prakt.
Julen er Jesus, en Frelser er født.
Julen er himmelens dør satt på gløtt.
Julen er Jesus, julen er Jesus.
*
Julen er mere enn krybben og stallen
og leiet av halm.
Julen er mere enn klokkenes kallen
og klingende malm.
Julen er Jesus, Guds sonofferlam,
lammet som bærer vår synd og vår skam.
Julen er Jesus, julen er Jesus.
*
Han er vår høytids innhold og kjerne
og dyreste skatt.
Han er den eneste lysende stjerne
i tidens natt.
Jesus er trøsten for slekten som blør.
Jesus er håpet for meg når jeg dør.
Julen er Jesus, julen er Jesus.
*********************Tekst: Ingvald Bødtker
*
God jul!

lørdag, desember 22, 2007

Juletradisjon

Tradisjonar er viktig i jula. Ein av dei lange tradisjonane i Frøydis sin familie er at dei har møttest på Peppes Pizza i Kjøpmannsgata for å byta julegåver på lillejulafta. I år var det framskunda til bittelillejulafta av ulike grunnar. 22 personar var innom og minst like mange gaveposar skifta hender. Denne tradisjonen har vart i over 20 år og neste år er det vel nytt besøk på Peppes.

onsdag, desember 19, 2007

For et juleeventyr!

I kveld var me på teateret og såg Et juleeventyr av Charles Dickens. Det var ei kjempeflott forestilling som er ganske så aktuell i vår materialistiske tid. Gjerrigknarken Knug ville ikkje dela av rikdomen sin, men natt til juledag får han eit møte med seg sjølv og han får eit nytt syn på livet. Eventyret endar godt for alle partar og var til ettertanke for liten og stor.

Kvelden innleda me med eit besøk på kinarestaurant og etter forestillinga var det is på McDonald's. Elles så har det blitt mildver og den isen som ligg ute er truga. Håpet om ei kvit jul er der likevel enno.

tirsdag, desember 18, 2007

BAKEDAG


I går var den store bakedagen i heimen. Pepperkaker og kakemenn ble bakt og dekorert. Nå har vi mange sorter i boks; menn, koner, griser, sjiraffer, elefanter, stjerner og hjerter. Nytt av året var pepperkaker med glassmalerier. Glassmaleriene ble lagd av smeltet københavn-drops.

Siste familiemedlem

Brita har fått seg marsvin. Marsvinet er innfødt på Kattem, født og oppvaksen i nabohuset. Dyret heiter Haley og er hokjønn.

Dagen før Haley kom i hus var heile ankomsten i fare. Grunnen var at då me kom heim frå Fosen så hadde Johanne sin hamster, Sasha, rømt frå buret. Etter ei jakt som gjorde at heile famlien var involvert og gjekk glipp av VM-finalen i handball så kom Sasha til rette og blei bura inne. Tydelegvis hadde hamsteren funne ut korleis buret skulle opnast og då eg skulle nedom i kjellaren før eg gjekk til sengs så var buret tomt. Etter ein ny jakt fann me Sasha bak fryseboksen. Etter røminga så stod ikkje smågnagarar spesielt høgt i kurs hjå far i huset. Eit ekstra dyr stod ikkje akkurat øverst på ynskelista.

Så langt har det gått bra. I tillegg smågnagarane i bur så har me hatt fleire besøk av frittlevande mus i haust og fellene har hjelpt oss med å ta knekken på dei. Så håpar me at det ikkje vert behov for fleire gnagarjakter, korkje med feller eller lommelykt. Og om ei lita veke så kan alle som unngår fellene feira jul igjen.

NM på skøyter 2008


Trønderane er kjende for å vera treige. Den myten bør vera knust ein gong for alle. I helga var nemleg Nikolai og Brita med foreldre i Fosenhallen. Der vart NM på skeiser 2008 arrangert. Neste års Norgesmeistrar i hurtigløp allround er Håvard Bøkko og Mari Hemmer.


Fosenhallen er innandørshall nr 2 for hurtigløp i Norge og det er ikkje fleire enn 13 i heile verda. Fantastisk at ein så liten plass som Bjugn har fått til noko slikt! Hallen er eit imponerande byggverk og har i tillegg til skeisebanen plass til ein hockey-bane, curling-bane, kunstgrasbane og løpebane med tartan-dekke. Tribune-fasilitetane var ikkje heilt topp og det var ganske så kaldt, men flott var det å vera innom. Neste tur tar eg med skeiser!

torsdag, desember 13, 2007

St.Lucia

Vi fikk et fint bilde sendt idag og med dette ønsker vi store og små en fin Lucia-feiring. Det er Olga og Hanna Lovise:
På Byneset hadde vi besøk av Iver August og resten av barnehagen hans -de sang så fint. Jeg bakte lussekatter som de gamle skal kose seg med til kaffen sin i ettermiddag.

mandag, desember 10, 2007

BRITA 12 ÅR:-)



BRITA FYLLER 12 ÅR I DAG. GRATULERER, GRATULERER KJÆRE BRITA!!

Dagen ble feiret i går med mange tanter, onkler og søskenbarn tilstede - ialt 26. I dag er det jenteparty. 7 jenter skal råde grunnen, spise pizza og se video - og lete etter godteposer. God feiring.

søndag, desember 09, 2007

FLOTT Å VÆRE BEVER


Mel: Lille Petter Edderkopp

Fint å være BEVER en bitte liten stund

Maten var deilig og magen har blitt rund

Hvite fine tenner, har alle sammen fått.

Å være BEVER er flott, flott, flott, flott, flott!!

(For å bli BEVER tas to sukkerbiter under overleppen)

VILTAFTEN

I går var Frøydis' familie samlet til den årlige viltaften, og for en aften det ble! 7 retter + kaffe. Hadde jeg kunnet fransk skulle dere fått menyen gjengitt, men det kan jeg altså ikke, så her blir det på godt norsk;

1. Blåbærrogn servert på sølvskje

2. Frityrstekt torskeball og klippfiskpurè.

3. Lime og pepper marengs

4. Rypebryst

5. Soppsuppe - glemte denne og det var dumt, for den var nemlig veeeeeeldig god!

6. Elg og rådyr med potetpurè.

7. Roquefort på fransk krydderkake

8. Multesorbe, multekrem og ferske multer.



Det var ikke så enkelt som dette altså, men gjengitt bare for at dere skal bli litt misunnelig.....


Min nevø Erlend var kokk sammen med Daniel og Jørund. Utrolig flinke alle tre og fortjener all mulig slags takk og ros:-)

torsdag, desember 06, 2007

JENTEKONSERT I RÅDSALEN

Johanne har begynt å ta sangtimer på Trondheim Musikkskole og i dag hadde de konsert i Rådsalen på Biblioteket. De øver sammen i stor-grupper og i dag var det 4 slike grupper som fremførte litt variert program. Riktig så fint var det. Du kan jo høre selv....

søndag, desember 02, 2007

No tenner vi det fyrste lys


God advent! I dag har me tent eitt lys, Frøydis har vore med og sunge Arne Dagsvik si julekantate I denne søte juletid saman med prosjektkoret i Betania. Resten av oss og mange andre i familien var der og høyrde på. Det var ei fin adventsstund og godt med folk. Etterpå var det kaffi, pepperkaker, klementiner og sjokolade til å nyta saman med praten. Me måtte skunda oss heim slik at den yngre garde skulle få med seg avslutninga på Robinson-ekspedisjonen på TV3.

I føremiddag var eg på gudsteneste i Kolstad kirke. Presten er tysk, men snakka godt norsk. I talen bad han oss som var på gudstenesta å skriva på ein lapp noko som gav oss lys i liva våre. Etterpå skulle me skriva ned ting i liva våre som var mørkt. Lappane vart samla inn og lagt ned på golvet rundt døpefonten. Dei tinga som gir lys var skrive på smale, gule papirstrimler medan det mørke var skrive på svarte ark med eit kvitt rektangel i midten. Presten og kateketen las opp nokre av lappane. Mykje forskjellig, men veldig interessant. Det satte i alle fall igang nokre tankeprosessar hos meg.

Adventstida kan vera så mykje. Den kan vera travel og heseblesande, men kan og vera ei tid for ettertanke. Med dette er altså utfordringa gitt. Ta ei lita stund og tenk etter: Kva ville du ha skrive på lappane? Kva er lyspunkta dine? Kva er det mørke?

Etiketter: , , , , , , , ,