Olav og Frøydis Vestbøstad

lørdag, september 10, 2011

Kor e alle heltar hen?


I visa frå 1993 lengtar Jan Eggum tilbake til tida før illusjonane brast. Visa fortel om dei mange heltane som har svikta. Det gjeld både Stalin, Tjorven og Jesus.

Gjennom dei hendingane som har prega Norge denne sommaren, har det blitt tydeleg at kyrkja enno er viktig i samfunnet vårt. Når livet røyner på, er det flott at kyrkjeromma er opne. Baksida av medaljen er at det å ha opne kyrkjer kostar pengar.

Trondheim KrF ynskjer å styrka økonomien til kyrkja. Eit døme på dagens trange kyrkjeøkonomi er at gravferder må gjennomførast i andre kyrkjer enn der den døde har høyrt heime. Dette gjeld for eksempel for Heimdal menighet som må nytta kyrkja på Tiller til gravferd. Pårørande er fortvila over å få slik beskjed. Dagens situasjon er uhaldbar og KrF ynskjer å gjera noko med denne saka.

Den kyrkja i Trondheim som har vidaste opningstida er Vår Frues kirke. Kirkens Bymisjon makta å halda kyrkja døgnopen 250 døger i strekk i 2008 og 2009. No har opningstida blitt redusert. Enno er det døgnope fredag og laurdag, men dei andre dagane stenger kyrkja kl 18. KrF i Trondheim ynskjer å løfta fram alle frivillige som gjer det mogleg å ha Vår Frues kyrkje open så lenge. Samstundes ynskjer KrF å leggja til rette for å få utvida opningstidene. Kan det på ny vera mogleg å få til ei kyrkje som er open 24 timar i døgnet, sju dagar i veka?

I visa spør Jan Eggum: Kem ska redde verden no? KrF sitt svar på dette er me alle utfordra til å bidra. Ingen kan redda verda åleine, men for enkeltpersonar kan eit positivt engasjement frå kvar enkelt av oss bety svært mykje!

Etiketter: , , ,