Olav og Frøydis Vestbøstad

fredag, desember 29, 2006

Alt var mykje betre før...

Siste punkt på den lista er Nr. 91 Stomperud. Sidan sist gong me var i Norge har det blitt skifta teiknar på Stomperud. Det var ein liten nedtur å sjå teikningane i årets julehefte. Spesielt Majoren og Nr. 87 hadde tapt seg. Til og med Petra var det meir snert i når Leif Isaksen hadde kontroll over pennen. Er det nokon som er enig eller er det berre nostalgien som prøver å lura meg?

Har det blitt mykje mat i jula?

Eg er god og mett. Det er diverre ikkje alle som er det.

Svolt kan få folk til å klikka. No kan du klikka for dei slik at dei ikkje klikkar. Eit klikk på websida www.thehungersite.com gir ein kopp med mat til nokon som treng det. Bruk nokre få sekund når du er på nettet til å gå innom denne sida. Sponsorane på sida betalar ut per klikk. Kanskje det kan vera eit nyttårsforsett å besøkja denne sida dagleg?

onsdag, desember 27, 2006

Perayaan Natal Keluarga Besar Indonesia di Trondheim

I går var me på indonesisk julefest i Trondheim. Alt var slik det skulle vera på ei skikkeleg julefeiring. Det skulle starta klokka 15, men kom ikkje i gang før nærare kl 16. Fyrst var det gudsteneste. Den var på engelsk sidan ikkje alle var like stø i indonesisk (spesielt nokre av borna og dei norske mennene som var gift med indonesiske kvinner.) Sidan eg var pendeta (prest) fekk eg æra av å ha avslutningsbøna og lysa velsigninga. Etterpå var det kata sambutan (helsingar) frå kvar familie. Så var det mat - mykje mat. Til og med rendang (oksekjøt kokt i godt krydra kokosmjølk) ! Praten gjekk livleg og tida gjekk fort. Før me gjekk heim var det tukar hadiah (gavebytting).

Det var tydeleg at indonesarane gleda seg stort over å få koma saman. Ei av damene sa i helsinga si at "Norwegian Christmas is..." og så måtte ho slå over til trøndersk, "fammiliemeddag, fammiliemeddag, fammiliemeddag!" I går hadde ho sendt mannen åleine på familiemiddag for å prioritera fellesskapet med dei andre indonesarane.

Då me kom ut i bilen i åttetida sa Frøydis og eg mest i munnen på kvarandre at her følte me oss meir heime enn me har gjort i mange av dei norske samankomstane me har vore i etter at me kom heim. Me har tydelegvis ikkje gått upåverka gjennom åra i Indonesia og det var kjempekjekt for oss å få bli inkludert i dette fellesskapet!

tirsdag, desember 26, 2006

2. juledag

I dag er det andre juledag og akkurat to år sidan tsunamikatastrofa råka områda rundt det indiske hav. Rundt 250.000 menneske omkom den gongen, dei fleste av desse i Indonesia. No er diverre fleire av områda i Indonesia som vart råka av tsunamien ute for ei ny naturkatastrofe. Meir enn 100.000 menneske er huslause og over 70 har omkome i flaum, dei fleste av desse i provinsane Aceh og i Nord-Sumatra . Eit av dei områda der det er flaum er Langkat. Stabat, byen der eg var prest under siste perioden vår i Indonesia er hovudstad i dette distriktet. I Alur Hitam, ein av plassane der det er ein liten kyrkjelyd som høyrer til under kyrkja i Stabat, er vannstanden 4 m. over normalen og husa er øydelagde. Alle personane klarte heldigvis å flykta. I hovudkyrkjelyden i Stabat har dei organisert innsamling og dei skal reisa til Alur Hitam i morgon for å hjelpa.

2. juledag er og Stefanusdagen, ein dag som har fått namnet sitt etter den fyrste kristne martyren, Stefanus. Dette er ein dag der me skal minnast dei av våre truande brør og systre som har det vanskeleg på grunn av trua si. Rapportane frå Indonesia tyder på at julehøgtida har gått roleg for seg. Kyrkjene har vore vakta av politi og soldatar, men i fylgje Jakarta Post er det ingen meldingar om uro i samband med høgtida.

Eit av versa frå teksten frå det gamle testamentet for denne dagen er ei fin oppmuntring til alle dei som opplever det vanskeleg å vera kristen.

Jer 1,19: "Dei skal strida mot deg, men ikkje vinna; for eg vil vera med deg og berga deg, lyder ordet frå Herren."

Husk på dei som lid, både på grunn av flaumen og på grunn av si kristne tru!

mandag, desember 25, 2006

Vårres jul

Her er nokre glimt frå julefeiringa vår.

Me var i kyrkja på Heimdal allereie kl 13. Brita og Nikolai var medhjelparar på gudstenesta og Frøydis var pianist og leia Åsheim Skolekor. Etterpå hadde me graut heime og så gjekk det slag i slag.











Kinasjakk med Mormor mens pidnakjøtet er i gryta









Julemiddag.

Meny:

Hovedrett:Pinnekjøtt

Dessert: Jordbærpynta moltekrem i strull

Maten var kjempegod. Det er to år sidan me sist åt pidnakjøt. Det var likevel ganske lenge å venta for enkelte.

Etter lang ventetid var det endeleg...

Gaveutdeling

Tusen takk til alle som gjorde sitt til at haugen under treet vart så stor:-)

Ingen gaver er nevnt spesielt, og difor heller ingen glemt...

Det tok eit par tre timar å komma gjennom haugen, dette var inkludert ein pustepause under siste episoden av Jul i Valhall

Etter gang rundt juletreet og litt kaffi og julekaker var det tid for Mormor å reisa heim. Husets folk heldt det gåande ei stund til, men til slutt var det leggetid etter ein innhaldsrik dag...

Juledagsmorgonen vakna me vaksne tidleg. Det er ikkje så greit å sova frampå når kaffien frå kvelden før melder seg. Me hadde difor ein lengre spasertur før me var i Betania på høgtidsmøte. Frøydis var pianist der. Etterpå var me til Mormor på juleselskap.

Borna i heimen fekk Playstation2 i gåve frå foreldra med Singstar-pakke og Buzz-jungle-party. Det var dei svært glade for og det er mykje moro for heile familien.

Me har altså hatt ei fin jul så langt med god mat, familie og ikkje minst fått feira at han som er full av nåde og sanning er fødd.

Nokre få vers frå dagens tekst (Joh 1:11-12):

Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds barn, dei som trur på namnet hans.

Framleis god jul til dykk alle!

lørdag, desember 23, 2006

Lillejulafta


No har me fått vaska over golva, dvs det er Frøydis som har gjort mesteparten der. Me slepp å bera ved for me har fjernvarme som kjem rett inn i stova og dessutan så er det nesten ti plussgrader ute. Borna sit og ser på Alene hjemme på TV3 og juletreet er pynta. Alt dette passar godt inn på veslejulafta. Høgdepunktet for oss, og som me har sett fram til å vera med på igjen etter tre år i utlandet, er nok likevel samlinga på Peppes Pizza i Kjøpmannsgata.

I ca 22 år har Frøydis sine sysken med familie hatt som tradisjon å samlast der for å byta gåver. I år var det forslag om å endra på dette, men det blei ikkje særleg godt mottatt. I alt 26 personar frå eit par månader og oppover stilte.

Peppes har nok satsa på ei livssynsnøytral jul, for einaste dekorasjonen som kunne minna litt om jul i det avlukket me sat, var ein buddha-figur som glitra i grønt. Me klarte likevel å få opp stemninga og då me sang Det lyser i stille grender direkte telefonoverført til Birthe på Lillehammer var det mest rørande.

Me åt pizza som om me ikkje skulle ha gjort noko anna heile vårt liv og alle vart godt mette. Det vart til og med nokre korger til overs.

Etter at diverse posar med julegåver hadde bytt eigarar var det tid for avskjed og då fekk me til og med kvar vår nisselue til å komplettera julebunaden.

Og hvis ingen går i fella og passer seg for den, så blir det nok lillejulaften på Peppes neste år igjen.

fredag, desember 22, 2006

Jul og fred på jorda...

I VG idag blir det meldt at det er terrorfare i Indonesia i jula. Frå det australske utanriksdepartementet er det uttalt at dei har informasjon om eit planlagt terrorangrep i landet i løpet av jula. 18.000 politi og soldatar vil bli utkommandert til å halda vakt ved kyrkjer under julefeiringa. På torsdag vart dessutan den terrormistenkte muslimleiaren Abu Bakar Bashir slept fri frå fengsel.

Be difor om at julefeiringa i Indonesia går stille og roleg for seg!

Sist jul feira me med politivakt i Stabat. Johanne deltok og ved døra sat det ein væpna politimann. Då me kom heim etter gudstenesta sat det mange soldatar med maskingevær i porten til huset vårt. Me hadde nemleg to kyrkjer som næraste naboar, ei vegg i vegg med huset vårt og den andre tvers overfor vegen. I år blir det nok ikkje væpna vakt utanfor huset, men englane har forhåpentlegvis sine vakter både her på Kattem og i Indonesia. Fredeleg jul!

torsdag, desember 21, 2006

Fornuftig bruk av adventstida

Korleis få meiningsfullt innhald i advent?

Eg har to forslag.

Tirsdag kveld var heile familien på kino og såg filmen Veien til Betlehem. Den filmen er ei filmatisering av juleevangeliet. På ein levande måte får me innblikk både i kor dramatisk det var for den ugifte Maria å bli gravid og korleis Herodes prøvde å drepa den nyfødde. Det einaste eg sakna i filmen var englesongen på Betlehemsmarkene.

I går fekk Frøydis og eg med oss korleis Bach tenkte seg englesongen. Då var me nemleg på Juleoratoriet i Nidarosdomen. Sigrun og Elling hadde ordna med billettar for sin eigen del, men så vart Sigrun sjuk og me fekk tilbod om å overta plassane. Det angrar eg ikkje på at me gjorde. Ei flott oppleving! Trondheim Symfoniorkester, Nidarosdomen Oratoriekor, ein britisk dirigent og dyktige solistar tok oss med gjennom dei tre fyrste av dei seks kantatane i Juleoratoriet.

Det som sat sterkast igjen for min del var ein av koralane i fyrste kantaten. Ikkje alt er på plass hos oss i juleførebuingane enno, men kva er det viktigaste å få med seg?

Hvorledes skal jeg møte og favne deg min skatt,
Du skjønne morgenrøde mot all min jammers natt?
Min Jesus, si hvorledes mitt arme hjerte skal
rett smykkes og beredes Deg til en brudesal!

mandag, desember 18, 2006

smak av Indonesia

I går skrev jeg at vi til tider savner Indonesia. I dag har vi mimra om Indonesia. Nevø Erlend var på besøk i 2000 og falt pladask for matretten Rendang. I forbindelse med hans bursdag sist lørdag ble han invitert på rendang her i dag, Daniel var også med og begge - ja, alle fem her i huset og - likte det veldig godt. Så godt likte Brita og Nikolai det at de varmet seg opp litt til kveldsmat og! Duriankjeksen er det fortsatt mye igjen av, kanskje noe å sette fram til mette julegjester? Durian er for uinnvidde en frukt som ikke lukter så veldig godt og for oss smaker den ikke noe godt heller. Smaken minner visst om vanilje, sier de som forstår seg på det. Rendang er for uinnvidde en kjøttrett, oksekjøtt kokt på timesvis i kokosmelk og tilsatt div. krydder. Servertes idag med ris og en grønnsaksblanding bestående av daun ubi (casava-blader - til kr 20 for en liten kvast!!!!!vokser som løvetannblad i Indonesia!) bønnespirer og baby-mais.

I morgen skal det bakes pepperkaker -mon tro om vi er like lettkledde da?

søndag, desember 17, 2006

JULESTEMNING


I dag har vi henta juletre. Olav måtte hogge to og så skal vi ha avstemning på nettet hvilket som skal inn på stua......a til høyre, b til venstre. Stem ivei!!!!! (lover ingen premie, men.....)

Etter juletrehenting var det duket for gløgg, julebrød og pepperkaker inne på Breivollen og mens vi øvde på noen julesanger kom hest og slede. Det ble en fin tur (og en noe forblåst) rundt om på Breivollsgårdene før vi stoppa hos Olaf Aune og 20 stk trampa inn på tunge hæler og sang for han. Ruth inviterte inn på byggmelsgraut og annet snadder som takk for sangen.


Snøen kom som bestilt og da onkel Helge spurte hvor man kunne bestille slikt, svarte Nikolai: "på internett, vel"..... Det er ikke fritt for at vi savner Indonesia til tider, men i dag har jeg bare storkosa meg med å være i Norge, sammen med gode venner og flott familie. Amen!

tirsdag, desember 12, 2006

Brita sin bursdag - tre dagar til ende



Her er eit situasjonsbilete frå jenteselskapet til Brita i ettermiddag. Det var ei internasjonal gjesteliste. Halvparten av gjestene kom frå Asia (ei av jentene heiter til og med Asia) , så det var nesten som å vera i Indonesia igjen. Alle går i klassen til Brita og bur i nærleiken, men ei kjem frå Kina, ei frå Iran og ei frå Irak. Zhuru frå Somalia var forhindra for å komma, men ho var her før selskapet. Då fekk ho lov til å vera med og gøyma nokre av godteposane. Det gjorde ho så godt at Brita sin pose fyrst kom til rette 2 timar etter at siste gjest hadde gått heim.

Dette var tredje dagen med bursdagsfeiring. På søndag var onkel Elling og tante Sigrun på frukost. Om kvelden var Brita med foreldre og søsken på gresk/italiensk restaurant. I går var onklar, tanter og søskenbarn frå Frøydis si side på middag og i dag var det altså jenteselskap.

Brita er godt nøgd med feiringa og gåvene fall i smak. Gåvelista inneheld mellom anna klede, skøyter, pengar, sminke, blad, cd og Bratz-dukker.

Julestemning

Framsida på Dagbladet i dag er til å komma i julestemning av. Føde-krise er temaet og det er supplert med tilleggsoverskrifter som Lange avstander, jordmor-mangel og Avviser fødende. Når ikkje julekalendrane på TV kan få assosiasjonane i retning av det som hende i Betlehem den fyrste julekvelden, er det godt at Dagbladet tar jobben. I Bjugn, rett over fjorden for oss, er det skikkeleg gale. Der må fødande reisa med ferje og ambulanse i to timar. "Å frakte ei kalvende ku slik ville ikke vært tillatt, men ei kvinne i fødsel tas ikke hensyn til, sier jordmor Erja Lilja Perera." Det var nok ikkje så lett for Maria heller...

For å få tankane i rett retning og som ei motvekt mot lysande nissar har me i dag gått til innkjøp av ei lysande julekrybbe som står i kjøkenglaset. Den er ikkje så fin bakfrå, men frå gata så kan ein sjå stallen i Betlehem opplyst av 10 små lys.


Det er ikkje så greitt å få noko godt bilete av krybba, men slik ser ho altså ut. Vil du sjå ho litt betre så får du ta ein tur utforbi kjøkenglaset vårt :-)


Ha ei framleis god adventstid!

søndag, desember 10, 2006

Dagens begivenheter

Sånn så Brita ut etter å ha pakket opp noen av gavene i morges. Hun er blitt 11 år og har hatt en fin dag.


Aksjon Håp er over - i allefall når det gjelder bøssebæring. I skrivende stund er resultatet på over 32 mill. Det blir spennende å se om målet på 65 mill var realistisk. Trondheimspengene er ennå ikke kommet med og vi er selvsagt spente på hvor mye de 64 bøssene fra Heimdal inneholdt. Diskusjonen gikk om det var de lette eller tunge bøssene som inneholdt mest penger... Hadde vi hatt 10 flere bøssebærere på Heimdal ville alle husstander fått besøk. Fikk du ikke muligheten til å gi, kan du fortsatt gi på tlf 820 44 060 ( du blir belastet kr 175 på telefonregningen)

lørdag, desember 09, 2006



De som leser Vårt Land har fått med seg at det skjer to store ting i morgen. Nr 1 er at Brita blir 11 år! GRATULERER MED DAGEN, BRITA. Den skal feires tre dager til ende. Søndag med frokostbursdag, mandag med middagsbursdag og tirsdag med venninneselskap. Nr 2 er Aksjon Håp. Ta godt i mot bøssebærerne (du er vel en av dem selv også???????)

tirsdag, desember 05, 2006

Advent i Rådyrvegen 64


Det er 5. desember idag. I dag er det 5. desember. Det betyr at no er me godt i gang med adventstida. Ei adventstid som skal vera ei førebuingstid til jula. Då skal me feira at Frelsaren vart fødd i Betlehem for over 2000 år sidan. Det er allereie lys i mange stille og mindre stille grender. Som de kan sjå så har julegata blitt tent her hos oss óg. Lysprakta hjå naboen i 62 får våre to sjuarma stakar og to adventstjerner til å fortona seg som relativt minimalistisk.

Adventsmarkeringa går no likevel sin gang. Audhild har sendt oss adventskalender, me les frå adventsfortellinga i Superblink til frukosten og det ligg ein lilla ulos på kjøkenbordet. I tillegg så har jo fitjarposten.no ein julekalender som blir besøkt av og til. Det har jo blitt ein tradisjon at dei ulike TV-kanalane har sine daglege episodar som skal hjelpa oss til å komma i rett julestemning. Diverre har ikkje NRK prioritert å skapa ein julekalender med kristent innhald. Det er jo fullt forståeleg, for dei kunne jo komma til å støyta nokon om dei i julekalenderen markerte at jula var ei kristen høgtid. Det er vel heller tvilsomt om TV2 i det heile har vurdert om adventsserien deira kjem til å støyta nokon når dei tel ned til feiringa av Kvitekrist sin fødsel med å senda serien Jul i Valhall. Denne serien ser i alle fall ut til å slå an hos den yngre garde her i huset. Så får me håpa at etter kvart som jula kjem nærare så vil me komma i det rette fokus slik at me glade med song kan helsa vår broder i himmelhall, Som kom og vart heimsens Frelsar som barn i ein vesal stall.

Jeg fant, jeg fant :-)


I helga var Nikolai på juleverkstad-leir på Søvassli saman med 36 andre born i alderen 2.-4. klasse. 8 vaksne leiarar, deriblant pappa, passa på at alt gjekk bra. På laurdag var det graut til lunsj og gjett kven som fekk mandelen? Nikolai, sjølvsagt! Utanom måltid og bibelsamlingar så var det ulike aktivitetar. Nikolai kom heim med ein flott telysestake som han har malt, ein engel i metallfolie, eit dekorert tre-hjarta som kan vera på juletreet og ein boks med pepperkaker. I tillegg hadde han dekorert lys. Juleverkstad-leir er veldig kjekt. Brita var på tilsvarande opplegg forrige helg. Laurdagskvelden var det leirkveld. Det var svært moro. Berre sjå på biletet nedanfor.