Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, desember 25, 2008

God jul!



Slik såg borna ut denne jula! Gledeleg jul!

tirsdag, desember 23, 2008

Vi synger julen inn en gang til



I kveld var det den tradisjonelle gåveutvekslinga på Peppes i Kjøpmannsgata. 20 stk i Mørreaunet-klanen dukka opp. Det var muligens 23. gongen gjengen var samla, i alle fall er det ein godt innarbeidd tradisjon. Tradisjonen tru så var det få andre som åt pizza på litlajulafto. Også i år var det telefonisk overføring av "Det lyser i stille grender" til dei som ikkje var til stades. The same procedure as every year!

Etiketter: , , ,

søndag, desember 21, 2008

Vi synger julen inn!


Onkel Elling var innom i går og då måtte me jamma litt. God jul!

Etiketter: , , ,

onsdag, desember 17, 2008

Og så var det pyntinga


Her er husmora sjølv i gang med pyntinga av kyrkja. Fin, ikkje sant?
Rett svar: Fine begge to!

Når en pepperkakebaker


Kva er dette?

Svaret er rosevindauget i pepperkakekyrkja som vart laga i ettermiddag/kveld.

Deigen var eigentleg ikkje særleg samarbeidsvillig, men resultatet vart sanneleg ikkje så verst!

I tillegg til pepperkaker så baka me også julemenn (og englar, grisar, elefantar, elgar m.m.)

tirsdag, desember 09, 2008

BRITA 13 ÅR!!!


Ongan væks te!
Brita fyller 13 år den 10. og vi gratulerer den flotte jenta vår. Ei skjønn jente med meningers mot, litt lat når det behages, men er tvers gjennom ei ålreit jente. Gratulerer Brita:-)

søndag, desember 07, 2008

2. søndag i advent

I går vart Geir Ole, ein barndomsvenn av Frøydis 40 år. Det vart feira med brask og bram. Johanne, Brita og Nikolai var på besøk hos Onkel Calle og Tante Sissel. Blant anna var dei på kino og såg Madagaskar 2. Dei overnatta hos onkel og tante og i dag tidleg var me og hent dei.Så reiste me og åt frukost på hotell Gildevangen.



Brita var nemlig så heldig at då me var på fotballkamp på Lerkendal mellom Trondheims-Ørn og Kattem så vant ho søndagsfrukost for heile familien på hotellet. Ein god start på dagen!

Etterpå var Nikolai og foreldra på skitur. Sesongens fyrste tur for oss vaksne. Flotte løyper og skikkeleg skarpt føre!

Då me gjekk heim var det ein varmluftsballong som sveva over hustaka. Her ser du'n over taket der a mormor Jorid bor.



I kveld var det adventsfest på Misjonssalen. Frøydis spelte piano. Nikolai og Brita selde julehefter. Edgar og Marta Paulsen song og hadde andakt. Ei fin adventsstund.

Ynskjer alle lesarar i inn og utland ei god adventstid.

Etiketter: , , , ,