Olav og Frøydis Vestbøstad

torsdag, mai 31, 2007

Ha ein fin tobakksfri dag :-)




I dag er det verdens tobakksfrie dag. Gratulerer med dagen. Håpar det merkast!
Illustrasjonsfoto: Rektor Sven Sæther ved Rødde folkehøgskole demonstrerar her eit tobakksfritt alternativ. Det er vel ganske tvilsamt at helsegevinsten ved å røykja faklar er særleg stor! Et heller eit eple!

På nyhetene i dag er det dessutan meldt at butikkar, skjenkestader og til og med vinmonopolet sel alkohol til mindreårige. Fy skam!




Etiketter: ,

onsdag, mai 30, 2007

Søndagsskuleavslutning på Fitjar


Nikolai, onkel Lars, tante Lovise, Ola Sigurd og Olga (meir enn delvis skjult bak Torunn Aarskog) var med på blindeløypa under søndagsskuleavslutninga på Fitjar. Nils Birger var også med, men han vart ikkje med på biletet.
Du kan lesa stykket om søndagsskuleavslutninga på Fitjarposten.no.

Etiketter: , ,

Får ikkje lov å skifta religion

Situasjonen er vanskeleg for kristne mange stader i verda. I dag melder vl.no at Lina Joy i Malaysia ikkje får lov til å skifta religion. Ho er oppdregen som muslim, men 26 år gammal ynskte ho å verta kristen. No er ho 43 og ein sivil domstol nekta henne å få endra id-kortet sitt. Så lenge det står på kortet at ho er muslim får ho ikkje gifta seg med den kristne kjærasten sin. Eg oppfordrar med dette til at me ber for Lina Joy og andre som er i liknande situasjon rundt i verda.

Artikkelen om Lina Joy kan du lesa på http://www.vl.no/verden/article2796274.ece

Etiketter: ,

mandag, mai 28, 2007

TUSSE - STORHAMARCUP 2007





Ja, så var det over da! 5 lag (J-91, 93,94,95 & 96)fra Kattem Håndball reiste til Vikingeskipet på Hamar fredag og har hatt en strålende helg. Ikke alle lag gikk videre fra innledende runder i forskjellige sluttspill, men alle gjorde sitt beste og hadde det fint på alle måter. Johanne sitt lag ble slått ut, men all ros til de allikevel for sitt stå-på-humør. Johanne debuterte som keeper og selv om hun slapp inn mål, så gjorde hun en flott innsats.




Vi bodde på Toneheim folkehøgskole og sov noen timer der. J-95 vant B-finalen og den kampen gikk kl 20:05, vi kom derfor sent hjem, men med pokal!!!


GRATULERER JENTER 12!

søndag, mai 27, 2007

God pinse!



I skrivande stund er det pinsedagsmorgon. Eg sit og høyrer på sangtimen på nrk P1. Denne dagen er det berre songar av vår nabo frå tida i Lørenveien, Trygve Bjerkrheim. Seinare i dag skal me på møte i Betania der Egil Sjaastad skal tala og Fjellhaug Misjonshøgskole skal delta.


Pinsedag er til minne om dagen då læresveinane vart utrusta med Den Heilage Ande. Anden er ikkje berre for dei som levde for 2000 år sidan, men ei utrustning for oss kristne og i 2007. Bjerkrheim skreiv ein song til Johanne sin dåpsdag. Denne songen formidlar at Den Heilage Ande er for oss og vil vera vår livsledsagar.


De bar små barn til Jesus,
bad ham velsigne dem.
Vi bær' vårt barn, det kjære,
til ham i dåpen frem.

Den store barnevennen,
han småbarn har så kjær.
Med takk til ham, vår Frelser,
vår skatt til ham vi bær.

Han tar det til sitt hjarte,
og himlens skatter gir.
Den gode Hellig-Ånden
dets livsledsager blir.

Så får med Gud det vandre.
Og vi det verne vil,
så det i år og alder
får høre himlen til.

Trygve Bjerkrheim, 1.9.1994

Etiketter: , , ,

lørdag, mai 26, 2007

Morgenstund har gull i munn!




Frøydis og Johanne er på Hamar på handball-cup. Brita kom igjen frå leirskule på Drageid, Osen i går. Der hadde ho hatt det bra, men det hadde blitt litt lite søvn. Ho sov difor litt frampå i dag. Det gjorde ikkje Nikolai. Han hadde vekkarklokka på til klokka sju, men 06.30 stod han opp og i sjutida starta han å laga frukost. Halv ni kom han opp til meg og sa at frukosten var klar. Det var skikkeleg fin frukost. Han hadde laga eggerøre med fersk grasløk frå hagen, kokt blautkokte egg og skore opp tomat, agurk og brødskiver i varierande tjukkelse. Til og med levande lys stod det på bordet då eg kom ned. Slett ikkje dårleg av ein 2.klassing!

Etiketter: , , , ,

Bønneemne

I tillegg til at me avsluttar frukosten vår med å lesa ein andakt så ber me for dagen. Då brukar me bønnedagboka som er gitt ut av NLM. Av og til er det interesse frå den yngre garde å lesa frå den. I dag ville Nikolai lesa og bønneemnet var LCORC som er namnet på ei kyrkje på Taiwan. Det står ganske mykje i avsnittet og ikkje alt var like lett å forstå. Nokre ord er og heller sjeldne i daglegtale. Nikolai sa difor etter at han hadde lese høgt gjennom det: "Du får oversetja dette du, pappa!"
Ikkje alle orda blei lest heilt korrekt. 'Synodestyret' vart til 'syndestyret'. Me får i alle fall be om at det ikkje er siste varianten som er dekkande for aktiviteten i kyrkja.
30. april var bønneemnet "Heimesekretariatet, hovedkontoret". Siste setninga var slik: "Be om at de må få eie visdom i sitt arbeid og leve i en daglig fornyelse." Då Nikolai skulle lesa dette vart det til "leve i en daglig fornøyelse". Kanskje ikkje så dumt når det er tronge tider økonomisk og det er lett å bli mismodig.
Eg fylgjer med dette Nikolai sitt eksempel. Mitt ynskje for alle de som skulle slumpa til å lesa dette er difor at de får leva i den daglege fornøyelse. Ha ein fin dag :-)

Etiketter: , , ,

fredag, mai 25, 2007

Dommen er sonet!


Dette var overskrifta på andakten me leste saman under frukosten i dag. Me prøver å få til at me les eit lite stykke frå ei andaktsbok før me går i gang med dagens styr. For tida brukar me Lyskasteren av Egil Sjaastad. Eg vil ta med eit lite sitat frå dagens stykke:

Her på jorden vil du riktignok bli mint om dine synder på mange forskjellige måter... Men Gud ser på deg som om du aldri hadde syndet! Jesus har sonet din dom. Alt er oppgjort. Ved troen på Jesus har du fullkommen rett til å arve det riket som bare er for fullkomne mennesker!

Etiketter:

Nye og gamle ord

Dette er innlegg nr 100 på bloggen vår. Det er mange ord. Nokre av dei har vel ikkje vore så vise, men me håpar at noko av det har vore interessant.
Ord og ordsamansetningar er veldig spennande. I går høyrde eg på radioen at temaet "psykisk syke asylsøkere" vart diskutert. Ein skal halda tunga rett i munnen for å få det til!
Nikolai meddelte for nokre dagar sidan at han hadde planar om å skriva ei ny ordbok. Grunnen for det var han hadde fleire ord som ikkje var i bruk som burde ha vore det. I staden for 'konkurranse' så brukar han 'konkurrasjon'. Sidan me bur nær Skjetlein (ei grend på Leinstrand med ein tradisjonsrik jordbruksskule) så meinar han at ponniane som går på bakkane her i nærleiken burde heita Skjetleinsponni.
Den nye ordboka dukka opp som tema på reisa til Fitjar i samband med at me skulle på bryllupsfesten til Hilde og Truls. Nikolai er ganske oppteken av slektskap og han lurte på korleis slektskapet hans er med Hilde. Hilde er jo søskenbarn til mora. Tantene til Frøydis blir jo kalt gammaltanta hans. Han lurte difor på om Hilde var gammelsøskenbarnet hans. Frøydis forklarte at det var ingenting som heitte "gammelsøskenbarn". Han vart ikkje opprådd for det og avlerte denne, etter mi meining, geniale replikken. "Men hvis det hadd' vært nokka som hett 'gammelsøskenbarn', hadde Hilde vært det da?"

Etiketter: ,

torsdag, mai 24, 2007

Hipp hurra!


Fotoapparatet vårt har vore borte sidan 17.mai. I dag fekk me det igjen. Det låg og venta på oss på kontoret på Kattem skole. Alle bileta frå nasjonaldagen var der, bl.a. biletet av Frøydis og storesøster Heidi. Tusen takk til dei som har levert inn kameraet!

Etiketter:

tirsdag, mai 22, 2007

Nå lukker seg mitt øye


Nikolai fekk overnatta hos Nils Birger under besøket på Fitjar. Tante Lovise fanga dei inn med kameralinsa etter at dei hadde sovna fyrste kvelden.
***
Nå lukker seg mitt øye.
O Fader i det høye,
i varetekt meg ta!
Fra synd, fra sorg, fra fare
din engel meg bevare,
som ledet har min fot i dag.
(Peter Thun Foersom 1813)

Etiketter: ,

17. mai

Etter nokre år i utlendighet var me attende i gamlelandet og fekk feira nasjonaldagen på norsk jord. Det klarte me å få til utan å høyra ein einaste 17.mai-tale eller å syngja nasjonalsongen. Det me fekk med var ca dette:

- Frukost i Gulbransveien saman med Mormor, tante Heidi, onkel Helge og Sindre
- Barnetog på Heimdal
- Leikar og kafeteria på Kattem skole
- Reiste til Fitjar (for å delta på bryllupsfesten for Hilde og Truls)

Frøydis og eg var med i ryddekomiteen på Kattem. Sidan det var få som ville vera med på ryddinga så vart me der litt lengre enn planlagt. Det vart hektisk då me skulle organisera oss for å reisa til Værnes. Fotoapparatet vårt er difor borte. Biletet på dette innlegget er difor teke med kameraet på min eminente Nokia 6230i.

Etiketter:

Hilde + Truls = sant


Hilde og Truls gifta seg 10.8. 2005 i all hemmelighet på Voss. Bortsett frå eit vennepar, som var vitne, var det ingen som visste noko. Dei heldt det heile hemmeleg i nesten eitt år. Dette året var eit spesielt år for dei sidan Truls gjekk gjennom ein lungetransplantasjon. Heldigvis gjekk transplantasjonen godt og 19.mai vart det nye livet og livet som ektefolk feira saman med familie og vener. Etter ein flott forbønsseremoni i Kvinnherad Kyrkje i Rosendal, var det fest i Uskedal. Mykje god mat og drikke, flotte talar og fellesskap med gode vener gjorde at det vart ein minnerik dag både for brudeparet og for gjestene. (Gruppebiletet er henta frå bryllupsbloggen deira, fotograf Rune Eide) Hilde er søskenbarnet til Frøydis. Frøydis og eg er veldig glade for at me fekk vera med på denne feiringa.
Kjære Hilde og Truls! Lukke til med neste fase av ekteskapet og eg håpar de får merka at Guds rike velsigning kviler over ekteskapet og samlivet!

Etiketter: , ,

onsdag, mai 16, 2007

HURRA FOR 17.MAI!


Tirsdag hadde vi felleslunch på Nardo! Fikk skryt for mine kreative fat:-)

Vi voksne har akkurat kommet hjem fra skolen hvor vi har båret bord og stoler, pyntet bordene og sett hvor vi skal stå på fiskedam og andre aktiviteter som skal være på Kattem Skole fra kl 12. Nå er det fotball og Ugly Betty - hver sin smak. Ha en fin dag i morgen, alle sammen

Etiketter: ,

Me har det godt!

I morgon er det 17. mai. Det er ein dag me brukar til å tenkja over kor godt det er å bu i Noreg. Me har det veldig godt i dette landet. Økonomien går så det susar, me har fred og eit lovverk som vernar om rettane våre. Ikkje alle har det like godt. Nettsida til Norea, www.norea.no , melder at ein baptispastor i Turkmenistan har blitt dømt til tre års arbeidsleir for å organisera kristne møte.

I Indonesia er det og mange som har det vanskeleg fordi dei er kristne. Fylgjande innlegg vart publisert på Norsk Misjon i Øst si heimeside www.normis.no 14.5:



Husker du de tre indonesiske kvinnene som ble dømt til fengsel for sin søndagsskolevirksomhet? Send dem et oppmuntrende brev eller kort i fengselet! Pastor Rebekka Zakaria og hennes assistenter Eti Pangesti og Ratna Bangun (foto: Compass Direct) ble dømt for å ha latt noen muslimske barn bli med på søndagsskolen – etter at barna selv hadde bedt sine foreldre om lov til å bli med. Under rettssaken var lokalet overfylt med islamister som skrek ut trusler om å drepe både de tiltalte og medlemmer av retten hvis kvinnene ble frikjent. Det ble de ikke - og nå soner de tre kvinnene tre års fengselsstraff i Indonesias hovedstad Jakarta. I fengselet arrangerer de jevnlig kristne møter, der også mange av de innsatte deltar.Rebekka, Eti og Ratna vil bli svært glade for en hilsen fra deg! Send et oppmuntrende kort eller brev til denne adressen:

ETI PANGESTI, RATNA BANGUN, REBEKKA LOANITA Z.
P.O. BOX 1886
JKP 10018
INDONESIA



”Hold søskenkjærligheten levende! Glem ikke å være gjestfrie, for på den måten har noen hatt engler som gjester, uten å vite det. Husk på dem som sitter i fengsel, som om dere var lenket sammen med dem, og husk på dem som blir mishandlet, som om det gjaldt deres egen kropp.”(Fra Paulus’ brev til hebreerne, kapittel 13)

************


Kanskje kan du senda dei eit brev? Du kan i alle fall be for dei og alle andre som er i liknande situasjonar. Samstundes kan du senda ei takk for at me i Noreg får ha det så godt.

Etiketter: , , ,

tirsdag, mai 15, 2007

Gjevarglede og misjonsengasjement!


I går talte eg på ei misjonsforeining i nærleiken. Me var 18 til stades og kollekten vart på kr 4.600! I tillegg så var det informasjon om at julemessekomiteen var godt i gang med førebuingane og det vart snakka saman om kretsmøtet. Det var veldig inspirerande å merka misjonsgløden hjå den trufaste flokken.
Det er flott at misjonsfolket tar ansvar i den stramme økonomiske situasjonen i misjonen. I går kom ei pressemelding om at underskotet for 2006 var på heile 27,8 millionar kroner. Dette er ein veldig stor sum og ein kan bli mismodig av mindre. Då er det flott å merka at misjonsfolket framleis er på offensiven. På torsdag er det Kristi himmelfartsdag. Siste beskjeden Jesus gav var: Gå ut og gjer alle folk til mine læresveinar! Denne utfordringa står framleis ved lag!

Etiketter: ,

mandag, mai 14, 2007

Heimeeksamen er levert!


Kl 11.55 i dag vart heimeeksamen i tverrkulturell kommunikasjon levert på posten på Heimdal. Forhåpentlegvis er konvuluttane på veg til Gimlekollen i Kristiansan i skrivande stund. No er to vekes unntakstilstand over og diverse tankearbeid over ulike episodar frå tida i Indonesia er festa på papiret. Det er nokre veker til sensurfall og endå litt lengre tid før me skal ha skriftleg eksamen. Neste og siste hinder i denne omgang er skriftleg eksamen 8.6. Dersom det går godt så skulle både Frøydis og eg å vera endå betre til å kommunisera tverrkulturelt.

Etiketter:

Trist helg for trønderfotballen, stor helg for Fitjar


Rosenborg sitt tap for Strømsgodset avslutta ei ganske trist helg for trønderfotballen. Trondheims-Ørn vann i Bodø. Elles så var det mest tap i toppdivisjonane.

Kattem spelte mot fjorårets seriemeister Kolbotn på laurdag. Dei gjorde ein heiderleg innsats, men det vart tap 1-3. Det er av sine eigne ein skal ha det. Kattem-jenta Trine Rønning (jenta i kvitt) laga to mål og var banens beste spelar. Diverre spelte ho på Kolbotn. Kampen vart sett av undertegnede og 144 andre i eit til dels surt regnvér. Sindre (nevø) var med. Han heia på bortelaget og var godt nøgd med resultatet.
Dårleg form på Rosenborg ser ikkje ut til å leggja så stor dempar på publikumsinteressa på Lerkendal. Tidlegare i dag skulle eg prøva å ordna med billettar til 16.mai-kampen mot Start, men det var praktisk talt utselt.
Andre resultat av interesse: Fitjar- Bremnes 2-1. Dette var fyrste sigeren etter opprykket til 3, divisjon. Ein av spelarane er klassekameraten min frå Rimbareid komb. barne- og ungdomsskule, Trond Henriksen (må ikkje forvekslast med Rosenborg sin hjelpetrenar).
Heia Fitjar!

Etiketter: , , ,

fredag, mai 11, 2007

Det snør, det snør, tiddelibom


Ein kan bli litt forvirra av mindre. I dag vakna me opp til snøver. Ha ein fin dag :-)

Etiketter: ,

torsdag, mai 10, 2007

Dugnad




Eitt av dei sikre vårteikna på Kattem er at det er dugnad i dei ulike borettslaga. I ettermiddag var turen kommen til oss i Indre Rådyrvegen. Nikolai gleda seg til å få vera med. Han tenkte at han skulle ha på bunad sidan det rima på dugnad, men me vart etter ein del rundar samde om at det ikkje var høveleg arbeidsantrekk.


Det var kjekt for tillitsmann Vestbøstad (ikkje Narvestad altså) at det var godt oppmøte og tenleg ver. I går ettermiddag var det sluddbyger. Me fekk heldigvis opphaldsver og nokre få solgløtt. Både rakinga og spylinga gjekk unna raskt og så var det tid for kaffi, kaker, is og saft. Kjekt å treffa naboane igjen etter vinteren og flott å sjå at det blir vakkert rundt oss. Vårdugnaden er eit godt miljøtiltak på alle måtar!

Etiketter:

onsdag, mai 09, 2007

Kattems nye spelar

Nikolai debuterte for Kattem GU-99 i går. Kvelden før kampen var det vanskeleg å sova fordi han gleda seg slik. Øyeblikket var stort då han fekk utdelt drakta. Det var så kaldt at han måtte ha den utanpå treningsdrakta. Kampen var på bortebane mot Flatåsen. Sjølv om Kattem tapte 12-2 så var det veldig kjekt. Entusiasmen var stor gjennom heile kampen. Koordineringa av dei ulike lagdelane var ikkje alltid heilt på topp og arbeidsfordelinga var ofte heller uklar. Mot slutten av kampen fekk Kattem innkast og plutseleg var alle fem utespelarane utanfor sidelinja for å ta kastet!
Frøydis og eg var ute i går og kom ikkje heim før etter at alle borna hadde lagt seg. (Flinke ungar forresten som legg seg sjølv :-) ). Då låg det ein nøgd fotballspelar og sov i senga med drakta på.






Etiketter: ,

Gleder i misjonsarbeidet


Det har i det siste vore mykje snakk om dårlege økonomiske tider for misjonen. Då er det veldig inspirerande å få oppleva at det er veldig mykje positivt som skjer rundtom.


Sist veke var eg i Hedmark krets. Det er jo eit område av landet som ikkje er kjent for å vera så kristeleg. Eg hadde likevel mange positive opplevingar der. To av møta hadde eg i Solør. Det kom ca 20 personar på møta. Alle var godt oppe i åra, men dei hadde likevel gløden. Dei var svært hungrige på Guds ord. Dei skulle ha hatt ei møteveke som hadde gått ut pga sjukdom hjå talaren. Det var mange år sidan sist dei hadde hatt ei slik veke og skuffelsen var difor stor. Dei var veldig glade å få besøk. Sjeldan har eg vore på møte med eit liknande komp til fellessongen. To gitarar, trekkspel, tre mandolinar og harpeleik ordna med tonefylgje. Flott!


Eg hadde og nokre møte på Hamar. Det er ein plass der det skjer mykje positivt. I tillegg til å tala på søndagsmøte hadde eg eit seminar om islam og dessutan fekk eg vera med på internasjonal gruppe. Ca 10 etioperar og nokre nordmenn møtes tredjekvar veke til sosialt samvær og åndeleg fellesskap. Me var på tur til Utvandrarmuseet på Ottestad. Der hadde me omvisning og samling i kyrkja. Etiopierane song (sjå biletet ovanfor). På søndagsmøtet deltok dei også med song. Det var flott å sjå korleis dei vart mottekne av forsamlinga og utgjorde ein naturleg del av den. Møtet vart tolka til engelsk og ein av etiopierane er til og med nestformann i forsamlinga. Eit godt eksempel på integrering.


I går kveld var eg på Misjonssalen på Heimdal. Der var det sangkveld. Eg hadde ikkje noko med arrangementet å gjera. Magnar Aune frå Soknedal hadde sydd saman eit flott program med fellessongar, trompetmusikk, sang av mannsgruppe frå Ler og solosang. Dei ca 100 frammøtte fekk og med seg ein tankevekkande andakt og mykje god mat. Det var informasjon om bygging av yrkesskule i Tarime i Tanzania og det kom inn i underkant av kr 10.000 på loddsalet. Mange av dei som kom er aldri å sjå på Misjonssalen til vanleg, men var inviterte med av naboar og venner som går i foreininga. Svært oppløftande å få vera med!

Etiketter: ,

tirsdag, mai 01, 2007

FEIRING

Nå er dagen snart over og her sitter jeg glad og takknemlig for at jeg er til. Jeg har en flott mann, 3 herlige unger, gode kollegaer som sender bilde av meg i avisa (Vårt Land i går - takk for den, Silje?), fantastisk familie som sender SMS, MMS, mail, ringer og kommer på kaffe. Tradisjonen tro er det mange kaker i mitt selskap:



Mikael var yngste gjest og oldemora hans eldste gjest. Hun er min mor og dermed er jeg gammeltanta til Mikael, riktignok den yngste gammeltanta.....




Og så gaver da, nå er jeg beriket på så mange måter. Fikk konsertbilletter, den første er allerede brukt opp. En fantastisk flott konsert med Domkoret (hvor Knut Arne synger) i Øysteinssalen i Erkebispegården nå i kveld. Den andre skal brukes opp neste fredag i Olavshallen. Nikolai gav meg kort: "til mamma fra Nikolai; jeg skal vaske huse i 7 uker" Så nå skal jeg sitte med bena på bordet mens han vasker, eller kanskje jeg skal gjøre ferdig hjemmeeksamen......... Den skal leveres inn 14.mai!

Well, well - takk til dere alle for en fin dag. Klemmer deles ut til de av dere som vil ha det:-)

Etiketter: ,

Frøydis 39 år! Gratulerer!


I dag fyller mi kjære kone 39 år. Alle som har høve kan komma innom i Rådyrvegen 64 på ettermiddagskaffi frå kl 15 og utover. Som den gode 1.mai-er ho er, så gjer Frøydis stadig ein innsats for at verda skal bli ein betre stad å vera. Difor illustrasjonsfotoet frå Aksjon-håp. Har du ikkje høve til å komma innom så set Frøydis stor pris på ein gratulasjons-sms på nr 93806748.
Tradisjonen tru så er eg bortreist på dagen til Frøydis. Plikten kaller og kallet plikter, så eg set meg på 1.mai toget til Hamar for å ha møte i Hedmark krets denne veka.

Etiketter: ,