Olav og Frøydis Vestbøstad

tirsdag, oktober 09, 2007

Haustferie

Ungane har fri frå skulen denne veka. Frøydis jobbar. Torsdag kjem farmor og farfar på besøk. Det gledar me oss til.

I ettermiddag kom me igjen frå Åfjord. Med oss hadde me 13 aurar og 1 røye. Det var fangsten på garnet Nikolai og eg sette i går. Mormor fekk to fiskar, nokre havna i frysaren og resten hadde me til middag. Sprøsteikt aure med rømme. Nydeleg!

Etiketter: , ,

lørdag, juli 28, 2007

Ut på tur, aldri sur


I vår kjøpte me oss telt og no har me fått prøvd det. Gutane i familien hadde overnattingstur til Lauglovatnet. Me traska inn til vatnet og slo opp teltet før me prøvde fiskestanga. I Vellikvatnet fekk me ein liten aure, men den slapp me laus igjen. Det blei difor ikkje fisk på menyen. Heldigvis hadde me med rikeleg med proviant.
Me var heldige med veret. Vermeldina var ikkje så verst, men det vart strålande ver. Regnbygene som var melde kom ikkje før me hadde komme oss heim. Då hadde me med oss litt blåbær og nokre molter + minnet om ei flott naturoppleving

Etiketter: ,

onsdag, juli 25, 2007

Bibelcamping












Eit av høgdepunkta i sommar har vore bibelcampingen på Skoghus på Senja. Innimellom bibeltimar og kveldsmøte har me vore på fisketur, bada og køyrt surfering. Det har og vore turar både til fjells og rundt på Senja. Veret har vore varierande frå regn og vind til strålande solskin døgnet rundt! Senja har mykje å by på og i kombinasjon med gode møte så har det vore ein veldig fin mix. Det er sterke ynskje frå den yngre garde å reisa tilbake igjen neste sommar. Bibelcampingen på Skoghus anbefalast på det aller varmaste. Ei flott oppleving!

Etiketter: , ,

Bilkøyring


Me har køyrt ca 4500 km siste månaden. Løypa er slik: Trondheim-Oslo-Danmark-Oslo-Kongsvinger-Gagnef (ved Falun i Sverige), Sundsvall-Haparanda-Tornio-Kilpisjärvi-Senja-Saltfjellet-Trondheim. Me har altså vore innom alle dei skandinaviske landa + Finland i løpet av sommaren. Trass alt har det gått godt. Ungane har sett gjennom ca 20 videofilmar og me vaksne har høyrt oss gjennom like mange. Ellers så har me sett mykje regn og skog på turen. Det varmaste punktet på reisa vår er Namsskogan med 24,5 grader.

Etiketter: , , ,

torsdag, juni 21, 2007

Skuleferie!


Tradisjonar er viktg. I dag fekk borna sommarferie og i tråd med vanleg praksis hos oss så vart det markert med lunsj på McDonald's. Dette er ein tradisjon me har halde på sidan Johanne var ferdig med 1.klassen. I år var ho ferdig med barneskulen.

Etiketter: ,