Rapport frå helga
Fredag kveld spelte Frøydis og Kattem Kaos ny kamp mot Byåsen. Etter sist kamp fekk Trine Haltvik tilbod om å spela i eliteserien for Gjøvik/Vartdal og ho slo til på det. Likevel klarte Byåsen seg greit. På biletet under kan det sjå ut som om det berre var eitt lag på banen. Det stemmer nesten, men biletet lyg litt. Byåsen-damene var fotrappe og skuddsterke og vant til slutt 54-14.
Det gjekk betre med Brita si handballhelg. Ho var i Stjørdal på cup. Dei kom på 2.plass etter å ha tapt mot Stjørdals-Blink i finalen.
På laurdag hadde Kattem Handball loppemarked. Frøydis var med i komiteen. Ca 100 personar venta på at dørene skulle opna. Resultatet vart ca kr 25000. Bra innsats!
På laurdag ettermiddag talte eg på [muv] på Melhus. [muv] er forkortinga for Melhus unge voksne. Eg hadde fått temaet: Tror du under kan skje i dag? Bedehuset var stappfullt av born og unge og det var veldig kjekt å vera der. For meir informasjon om [muv] kan linken under sjekkast ut.