Olav og Frøydis Vestbøstad

mandag, september 03, 2007

Status å vera misjonær!


Utanfor Lillehammer kirke står denne gravstøtta. Det er tydeleg at det å vera misjonær har ein gong hatt høgare status enn det har i dag.
Lars Skrefsrud var forresten litt av ein skrue. Han vaks opp på ein husmanssplass like ved Lillehammer og hadde ein vanskeleg oppvekst. Som 18-åring vart han dømt til 4 års fengsel. I fengselet bestemte han seg for å via livet sitt til Gud. Nokre år seinare var han misjonær i India sjølv om den belasta bakgrunnen hans gjorde at han ikkje vart godkjent i Misjonsselskapet. Då Skrefsrud døydde var det 16.000 kristne i det området Skrefsrud hadde si teneste.

Etiketter: , , , ,

søndag, september 02, 2007

Konfirmasjon på Lillehammer


I helga har me vore på Lillehammer i konfirmasjonen til Hanna. Det var skikkeleg flott! Ei veldig fin gudsteneste i Lillehammer kirke og god mat og godt lag på Breiseth etterpå.
Hanna er ei sporty jente så alle gjestane måtte delta i sporleik i hagen mellom middagen og kaffien. Spørsmåla på dei ulike postane var om ulike ting i Hanna sitt rikhaldige liv.
Sidan konfirmasjonen var på laurdag rakk me og ein tur i Hunderfossen før me returnerte til Trondheim søndag ettermiddag. Då fekk me skikkeleg fint vér med mytji sol og mytji varme.

Etiketter: , , , ,