Olav og Frøydis Vestbøstad

onsdag, mai 30, 2007

Søndagsskuleavslutning på Fitjar


Nikolai, onkel Lars, tante Lovise, Ola Sigurd og Olga (meir enn delvis skjult bak Torunn Aarskog) var med på blindeløypa under søndagsskuleavslutninga på Fitjar. Nils Birger var også med, men han vart ikkje med på biletet.
Du kan lesa stykket om søndagsskuleavslutninga på Fitjarposten.no.

Etiketter: , ,

lørdag, mai 26, 2007

Morgenstund har gull i munn!




Frøydis og Johanne er på Hamar på handball-cup. Brita kom igjen frå leirskule på Drageid, Osen i går. Der hadde ho hatt det bra, men det hadde blitt litt lite søvn. Ho sov difor litt frampå i dag. Det gjorde ikkje Nikolai. Han hadde vekkarklokka på til klokka sju, men 06.30 stod han opp og i sjutida starta han å laga frukost. Halv ni kom han opp til meg og sa at frukosten var klar. Det var skikkeleg fin frukost. Han hadde laga eggerøre med fersk grasløk frå hagen, kokt blautkokte egg og skore opp tomat, agurk og brødskiver i varierande tjukkelse. Til og med levande lys stod det på bordet då eg kom ned. Slett ikkje dårleg av ein 2.klassing!

Etiketter: , , , ,

Bønneemne

I tillegg til at me avsluttar frukosten vår med å lesa ein andakt så ber me for dagen. Då brukar me bønnedagboka som er gitt ut av NLM. Av og til er det interesse frå den yngre garde å lesa frå den. I dag ville Nikolai lesa og bønneemnet var LCORC som er namnet på ei kyrkje på Taiwan. Det står ganske mykje i avsnittet og ikkje alt var like lett å forstå. Nokre ord er og heller sjeldne i daglegtale. Nikolai sa difor etter at han hadde lese høgt gjennom det: "Du får oversetja dette du, pappa!"
Ikkje alle orda blei lest heilt korrekt. 'Synodestyret' vart til 'syndestyret'. Me får i alle fall be om at det ikkje er siste varianten som er dekkande for aktiviteten i kyrkja.
30. april var bønneemnet "Heimesekretariatet, hovedkontoret". Siste setninga var slik: "Be om at de må få eie visdom i sitt arbeid og leve i en daglig fornyelse." Då Nikolai skulle lesa dette vart det til "leve i en daglig fornøyelse". Kanskje ikkje så dumt når det er tronge tider økonomisk og det er lett å bli mismodig.
Eg fylgjer med dette Nikolai sitt eksempel. Mitt ynskje for alle de som skulle slumpa til å lesa dette er difor at de får leva i den daglege fornøyelse. Ha ein fin dag :-)

Etiketter: , , ,

fredag, mai 25, 2007

Nye og gamle ord

Dette er innlegg nr 100 på bloggen vår. Det er mange ord. Nokre av dei har vel ikkje vore så vise, men me håpar at noko av det har vore interessant.
Ord og ordsamansetningar er veldig spennande. I går høyrde eg på radioen at temaet "psykisk syke asylsøkere" vart diskutert. Ein skal halda tunga rett i munnen for å få det til!
Nikolai meddelte for nokre dagar sidan at han hadde planar om å skriva ei ny ordbok. Grunnen for det var han hadde fleire ord som ikkje var i bruk som burde ha vore det. I staden for 'konkurranse' så brukar han 'konkurrasjon'. Sidan me bur nær Skjetlein (ei grend på Leinstrand med ein tradisjonsrik jordbruksskule) så meinar han at ponniane som går på bakkane her i nærleiken burde heita Skjetleinsponni.
Den nye ordboka dukka opp som tema på reisa til Fitjar i samband med at me skulle på bryllupsfesten til Hilde og Truls. Nikolai er ganske oppteken av slektskap og han lurte på korleis slektskapet hans er med Hilde. Hilde er jo søskenbarn til mora. Tantene til Frøydis blir jo kalt gammaltanta hans. Han lurte difor på om Hilde var gammelsøskenbarnet hans. Frøydis forklarte at det var ingenting som heitte "gammelsøskenbarn". Han vart ikkje opprådd for det og avlerte denne, etter mi meining, geniale replikken. "Men hvis det hadd' vært nokka som hett 'gammelsøskenbarn', hadde Hilde vært det da?"

Etiketter: ,

tirsdag, mai 22, 2007

Nå lukker seg mitt øye


Nikolai fekk overnatta hos Nils Birger under besøket på Fitjar. Tante Lovise fanga dei inn med kameralinsa etter at dei hadde sovna fyrste kvelden.
***
Nå lukker seg mitt øye.
O Fader i det høye,
i varetekt meg ta!
Fra synd, fra sorg, fra fare
din engel meg bevare,
som ledet har min fot i dag.
(Peter Thun Foersom 1813)

Etiketter: ,

onsdag, april 25, 2007

Gatas skrekk


Denne delvis tannlause pøbelen vart observert utanfor huset vårt i dag. Er det nokon som kjenner han?

Etiketter: ,