Olav og Frøydis Vestbøstad

søndag, mars 21, 2010

Gradvis overgang


No er eg heime igjen etter nesten tre vekers tur til Indonesia. Litt døgnvill er eg framleis og vakna difor klokka 4 idag tidleg.

Her er det mykje snø og det var fem minusgrader i dag tidleg. Overgangen er difor stor frå 35 grader i Medan. I dag var me i Betania på formiddagsmøte og det hjelpte til å gjera overgangen litt mindre. Indonesia er månadens misjonsland i NLM. I samband med det hadde me invitert den indonesiske bibelstudiegruppa i Trondheim til å syngja på møtet i dag. Det vart og vist film frå Indonesia.

Det var kjekt med besøk, både for indonesarane og for oss i forsamlinga. Mange stoppa opp etterpå for ein prat, kaffi og eit kakestykke.

Møtet hadde skikkeleg internasjonalt preg i og med at talaren var Paul Odeh frå Israel/Stavanger.

lørdag, mars 20, 2010

I DAG KJÆM*N HJÆM


Og vi glær oss!

Det tar noen timer før han lander, så vi damene har vært på handel - nye støvler! All den snøen som er tidligere omtalt holder nå på å smelte og det er vått, vått, vått!

Og nå skal huset vaskes! Alle har fått hver sine rom og så går vi i gang. Jeg er ferdig med soverommet mitt og skal vaske kjøkkenet mens jeg koker grøt - Sindre kommer på grøt:-)

Nikolai vasker badet!

Så e vi i hværtfall itj gjærraslaus!


onsdag, mars 17, 2010

In the jungle!

No er me akkurat tilbake i storbyjungelen etter å ha vore ein tur i den ekte jungelen. For fyrste gong var eg i Tangkahan og det var ei flott oppleving.

På tur til ut i jungelen på elefantryggen


I går var me på tur med elefantar. Nokre av oss valde å gjera tilbaketuren på elva sitjande på ein bilring.

Fri flyt

Like ved der me budde var det ei varm kjelde som strøymde ut i elva og like ved var det ein liten foss som det gjekk an å stilla seg under og få massert skuldrene.

Me såg mange, mange apekattar og også andre dyr. Ei fekk sjå ein liten slange og elles så var det ekorn, firfisler og små øgler.

Firfisle

Apekattar i fri leik

Great fun!

Ein levande minoritet

Indonesia er det landet i verda med flest muslimar. Rundt 80% av dei ca 240 millionar indonesarane er muslimar. Det vil sei at det finst ca 200 millionar muslimar her i landet.

Sjølv om det er enkelte område i Indonesia der majoriteten er kristen så er det likevel slik at på landsbasis så er ca 10% kristne. Dette høyrest ikkje så mykje ut, men det betyr likevel at det er over 20 millionar kristne her i landet. Det er ganske mange!

Sjølv om dei kristne er ein minoritet og mange gonger merkar det på kroppen så har eg i løpet av denne turen også blitt svært oppmuntra i møtet med dei kristne.

På Abdi Sabda fekk me møta hundrevis av kristne ungdommar som ynskjer å bruka livet sitt som kristendomslærarar eller som prestar.

På gudsteneste i GKPI Pamen

Sist søndag var me på gudsteneste i ei kyrkje som like ved det største universitetet i Medan. Kyrkja var mest full av studentar, kanskje ca 800. Dette var fjerde gudstenesta den dagen og det var minst like mange deltakarar på dei tre fyrste gudstenestene. Då me reiste frå kyrkja heldt dei på å setja ut stolar utanfor kyrkja, slik at alle dei som ein rekna med skulle komma på siste gudstenesta skulle få sitjeplass. På dei fem gudstenestene er det kvar søndag over 3000 personar på gudsteneste berre i denne eine kyrkja. Dei fleste av desse er studentar som etter at dei har gjort seg ferdige med utdanninga si tar med seg trua si og vil leva den ut i kvardagen sin der dei slår seg ned og får seg arbeid.

Det var sterkt å høyra ungdommane syngja ”Salige visshet” for full hals! Det gjer meg positiv med tanke på framtida for dei kristne her i Indonesia.

tirsdag, mars 16, 2010

SNØ!!


Det er store kontraster i familien for tiden! Mens Olav er på elefantsafari snør vi nesten inne. Farfar (og farmor) er på besøk og han har brukt timer på å måke snø. Vi har aldri hatt så fin gangsti over lekeplassen, men det krever å holde den oppe når det snør 10 cm bare du skal inn for å tine litt!

Nå snør det jammen meg igjen!Her kan du lære litt mer om snø: http://met.no/?action=Article.publicShow;id=1151;module=Articles

søndag, mars 14, 2010

Yapentra

Born med utviklingshemming har det vanskeleg i Indonesia. For mange er det forbunde med stor skam å få born som ikkje er som alle andre. Heldigvis finst det folk som har ekstra omsorg for slike.

Like utanfor Medan ligg YAPENTRA. Det er ein skule for blinde og svaksynte born. For tida er det rundt 70 born som bur der. Dei er i alderen 8-20 år. Dei minste går på skule inne på området, men nokre går på ungdomsskule og vidaregåande skule på vanlege skular for funksjonsfriske. Det er også nokre som går på høgskular, blant anna så er det to av ungdommane som går på Abdi Sabda, det teologiske seminaret der eg var lærar. Nokre er allereie ferdige med utdanninga si og har fått arbeid. To er i gang med prøveperioden for å bli prestar og andre har fått jobb som musikarar og massørar.

Frå nyttår har YAPENTRA også tatt mot born med samansette funksjonshemningar, som for eksempel døvblinde. Desse borna krev veldig tett oppfylging, praktisk talt heile døgnet. Direktøren, Abdul Hutauruk, fortel at dei ikkje har økonomi til å ta inn meir personell sjølv om dei no tar inn døvblinde.

Det er alltid inspirerande å komma innom YAPENTRA og møta både personalet og borna som bur der. Dei er glade i song og musikk og også då me var innom der i går så song og spelte dei for oss. Gleda ligg tjukt utanpå dei og det er vanskeleg å ikkje bli rørt.

Spesielt var det gripande å sjå kor dei gledde seg over å få møta Jorunn igjen. Ho var ein del på YAPENTRA det året ho var eittåring i Indonesia og gjensynsgleda var gjensidig.

YAPENTRA står overfor store utfordringar i tida som kjem. Direktøren har fått beskjed om at han skal bli skifta ut i løpet av kort tid. I tillegg er det ein stram økonomisk situasjon. 40% av midlane til drift får dei frå Tyskland. Resten må dei skaffa frå lokale sponsorar.

Sjølv om institusjonen er driven av ei kyrkje så er det faktisk buddhistiske kinesarar som syner størst omsut for dei blinde borna. Det kristne menneskesynet, som seier at alle menneske er like mykje verd uansett fysisk eller mental utrustning, må difor forkynnast for dei kristne her. Alle menneske er skapt av Gud, og har same verd og er like mykje elska av han. Det er godt å sjå at borna på YAPENTRA får høyra dette og for mange av dei er det diverre ei ny erfaring å oppleva at ein er elska.



lørdag, mars 13, 2010

1 uke

B

Det ble resultatet på eksamen i februar. Jeg er strålende fornøyd.

Og i dag er det 1 uke til Olav er hjemme: glær oss!

torsdag, mars 11, 2010

Moses og Mama Ivana


På veg frå Samosir til Medan stoppa turfylgjet og åt lunsj hos Mama Ivana i Pematang Purba. Me har hatt mykje å gjera med henne og familien sidan tida i Sihabonghabong.

Det var veldig kjekt å treffa henne igjen. Ho bur heime hos faren saman med dei to minste borna. Eldstejenta Ivana går på ungdomsskulen i Pematang Siantar og bur på internat der. Mannen arbeider framleis på hovedkontoret til GKLI i Sihabonghabong og er berre innimellom. Ho hadde steikt nudlar til oss og serverte det saman med ris og ayam semur (kylling i soyasaus).


For åtte år sidan fekk dei ein gut og han fekk namnet Moses. Det var stort for dei å få denne guten etter å ha to eldre døtre. Det vart raskt klart at Moses ikkje utvikla seg like raskt som andre born. Det var sterkt å møta Moses igjen. No klarar han å gå, men han har framleis ikkje noko språk.
Sjølv om Mama Ivana har store utfordringar med å ta seg av sonen så er ho ei aktiv og engasjert dame. Ho har barnelag i heimen kvar onsdag og no er det 70 born som møter opp. Dei får høyra om Jesus og Mama Ivana fortalde oss at ho har stor nytte av å bruka det materiellet som NLM har vore med å utvikla til bruk i søndagsskulearbeidet i Indonesia.

Samosir

Samosir er namnet på halvøya som ligg i Tobasjøen. Denne øya er batakfolket sitt kulturelle sentrum. Øya har difor ein rik historie. Me har no vore eit par dagar her på øya og eg ynskjer å gi nokre glimt frå det me har opplevd desse dagane.

Fyrste dagen me var her vart brukt til avslapning og soling. Tobasjøen ligg ca 900 meter over havet og sola her er skarp. Sjølv om det vart gitt klare instruksar om at det var viktig å smørja seg med solkrem, så vart det mange solbrende kroppsdelar etterkvart.

Frå Carolina Cottage

I går reiste me på besøk til ein prest som bur over på Sumatra-sida av Samosir. Me hadde avtalt å møta han i Pangururan, største byen på øya, men sidan han dukka litt seint opp så hadde me tid til å stoppa på markedet der. Det var markedsdag og eit yrande liv.

Frå markedet i Pangururan

Etterkvart kom presten og me reiste heim til han på lunsj. Plassen han bur heiter Sagala og ligg i eit utruleg vakkert område. På veg innover dit køyrde me gjennom eit fjellpass og då me kom ut opna det seg ein stor dal med grønkledde fjellsider og store rismarker som låg mellom landsbyane i dalbotnen. Ei stor naturoppleving!

Fantastisk utsikt frå Pusuk Buhit


Middagen var god. Presten sjølv hadde kokt maten og me fekk servert svinekjøt som var kokt i blod og kokosmjølk med ulike krydder og urtar. Dette vart servert med ris og kokte brekkbønner. I tillegg fekk me steikt fisk. Maten smakte svært godt. Etterpå fortalde presten, Aron Hutabarat, oss om korleis han opplevde tenesta si. Han har vore prest på plassen i vel eitt år og har ansvar for seks kyrkjelydar med totalt i underkant av 300 familiar. Sjølv om dei aller fleste i området er kristne så fylgjer svært mange av dei også den gamle batakreligionen. Dette gjeld også eldstar i kyrkjene. Ved spesielle høve går dei til ulike tilbedingsstader og ofrar og ber til fedreåndene.

Presten tok oss med til to av desse stadane der slike ofringar skjer. Den eine plassen var det laga eit stor minnesmerke med statuar over dei fyrste batakane. Etter tradisjonen kom dei ned frå himmelen på denne plassen som heiter Pusuk Buhit. I dag er dette ein plass mange oppsøkjer for å be om hjelp i ulike situasjonar som for eksempel at dei er ufrivillig barnlause, ynskjer å få seg kjærast, arbeid eller ved sjukdom. Me såg restane av mange offer som låg igjen der.

Aron fortel oss om korleis den gamle batakreligionen framleis vert praktisert

Den andre staden var like i nærleiken. Det var ein stor stein som ser ut som ei kiste med lok. Mange trur at inni denne steinen ligg kleda og ulike eigendelar frå dei fyrste batakane. Aldri har nokon klart å opna steinen for å sjå inni. Også her var det restar etter offer.

Sjølv om batakfolket er rekna for å vera kristne, vart me i går minna om at kristendommen her ikkje stikk så veldig djupt. Kulturen er for mange viktigare enn Jesus. Presten sa og at det i dag ser ut som om den tradisjonelle religionen er på frammarsj. Mange opplever at kristendommen er fjern og ikkje kan gi hjelp i dei daglege utfordringane dei møter.

Ein anna viktigare ting som presten nemnde, er at sidan dette er eit område der dei fleste reknar seg som kristne så vert mange lite bevisste på trua si. Dei vert sløve kristne og ser det difor som uproblematisk å blanda kristendommen med andre religonar. Mange vel og å gå over til andre religionar, spesielt islam, dersom dei finn det tenleg.

Eg opplevde det som at Aron Hutabarat var svært bevisst på dei utfordringane han har i tenesta si. Han og dei andre prestane som står i slike oppgåver treng mykje forbøn. Som han sa det sjølv: ”Å kjempa mot dette i eiga kraft er nyttelaust. Her må Den Heilage Ande gjera si gjerning!”

Etiketter: , , ,

lørdag, mars 06, 2010

Reiseglimt frå Indonesia

Musikklinja på bibelskulen på Fjellhaug har to år på rad hatt tur til Indonesia og eg har vore heldig og fått vera med både i fjor og i år. I år er me ei gruppe på 14 elevar, klasselæraren Jorunn Alme og meg som er på tur. Me har no vore her i tre dagar.

På torsdag møtte me dei norske misjonærane og fekk eit interessant innblikk i livet deira her i byen.

I går var me tilbake på Abdi Sabda Teologiske Høgskule der eg underviste siste perioden me var i Indonesia. Det var veldig kjekt å møta både lærarar og elevar. Eg møtte ein av studentane mine som no er ferdig. Han hadde fått seg lærarjobb og hadde faktisk blitt rektor. Kjekt å sjå at studentane lukkast etter at dei er ferdige! Me var med på gudsteneste og det var mektig når 250 ungdommar song av full hals.

På gudsteneste på Abdi Sabda


I dag har me vore på besøk på ein barneheim. Rundt 70 born i alderen 4-18 bur på barneheimen og får skulegang. Nokre av dei er foreldrelause, medan andre bur der fordi foreldra ikkje maktar å ta seg av dei. Borna var flinke til å syngja og både Fjellhaug-elevane og barneheimsborna song fleire songar for kvarandre. Flott å høyra på begge to gruppene! Me overrakte nokre gåver til borna, blant anna nokre bøker. Ei av bøkene var norske folkeeventyr omsatt til indonesisk og eg las eventyret om kvifor reven fekk kvit haletipp for borna. Det såg ut for at dei likte eventyret. Etterpå var det leik. Me leika både "Alle minne kyllinger, kom heim!" og sparka fotball. Kontakten mellom borna og gjestene var veldig god.

På Elida barneheim

Me reiste til barneheimen med sudako. Sudako er minibussar som går faste ruter til mindre faste tider. Det er berre å stoppa bussen når han kjem og hoppa på. Heimover sette me nok norsk rekord i sudako-køyring. 15 nordmenn klarte å pressa seg inn i minibussen!

På tur med Sudako

Ungdommane ser ut til å trivast godt! Nokre har fått litt laus mage, men det er slikt som har lett for å komma. Me håpar at det går raskt over. Dei er interesserte i å prøva å smaka maten og sjølv den hasardiøse trafikken har dei ei positiv haldning til. Me har prøvd både privatbil, drosje, motorsykkeldrosje og minibuss. I tillegg har me hatt nokre turar til fots. Det er ikkje godt å seia kva som er mest farleg. Forholda her i byen er nemleg ikkje godt lagt til rette for fotgjengarar. Det er dårleg med fortau, men sjølv der det er fortau må ein vera obs. Det er ofte store hol der rett ned i ei røyrgate eller ein open kloakk. Me treng difor mykje reisenåde. Det har og vore kjekt å treffa andre folk.
Sitepu og meg
Eg har møtt Sitepu som er ein god venn frå tida i Sihabonghabong og i kveld møtte eg Amelia og Ibu Delfi.
Amelia og Ibu Delfi
Dei var hushjelpene våre i Medan. Amelia har jobb i ein barnehage og er i tillegg student for å full lærareksamen. Mora har ikkje fått ny jobb etter at ho slutta hos oss, men ho arbeider på risåkrar. No er risen hausta og åkrane står tome i påvente av nedbør. Det har ikkje regna på 1,5 månader, men i går kom det ein skikkeleg skur med skikkeleg troperegn i kveldinga. Det har reinska litt i lufta.

Dette var ein heller lang rapport om korleis me har det. Så langt har det vore veldig bra og me håpar at resten av turen vert like god!

Etiketter: , ,

2 uker igjen!

Livet vårt på Kattem består ikke bare i å vente på pappa altså, men siden det foreligger noen hint om at vi teller ned til han kommer hjem, ja, så er det altså akkurat to uker igjen i dag til han kommer hjem.

Helga har bydd på loppemarket - Nikolai sitt fotballag vil samle inn litt penger for å få ned kostnader på cup ol. Det ser bra ut så langt! - kjøpte noen jakker og en putekasse.

Nikolai og jeg var på Merciful i går kveld. Ungdomsklubb på heimdal (http://www.merciful.no) Johanne var i frikirka og Brita - som jeg trodde var på trening - hun sov! Hun sov 14 timer i natt, så hun er frisk og uthvilt til helga!

tirsdag, mars 02, 2010

Pappa på tur



Er det ikke sånn at når noe skjer for andre gang, så er det tradisjon....? Vel, isåfall er det tradisjon at Olav og Jorunn tar med seg noen studenter fra musikklinja på Fjellhaug og drar til Indonesia. De er i farta nå. Og vi her hjemme teller timer, ihvertfall uker til de er hjemme. pr i dag: 2,5.